{seyretpic id=882 align=right}{seyretpic id=881 align=right}Varfjell-TV snakka med trenarane for dei to laga etter lokalderbyet i Måndalen torsdag. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor det viktegaste var at laget vann og sikra tre poeng. No ser han fram mot eit nytt og truleg vanskelagare lokaloppgjer, borte mot Åndalsnes om ei veke. Måndalen-trenar Tommy Nikolaisen rosar laget sitt for innsatsen med ti mann i over ein time og synest laget hans hadde fortent poeng. Sjå innslaga ved å klikke på bilda. SJÅ SAMANDRAG AV KAMPEN HER
- Så lenge det ikkje blir delt ut stilkarakterar i fotball, så var dette heilt greit. Det viktegaste var å komme frå ein vanskeleg bortekamp med tre poeng, seier Connor til Varfjell-tv.
Han seier den tidlege utvisninga prega kampen, men at hans lag ikkje greidde å utnytte overtaket før mot slutten då dei fekk igang overgangsspelet sitt. No blir det langhelg for laget før treningane inn mot Åndalsnes-kampen startar måndag.
- Det blir truleg ei endå tøffare oppgåve. Fordelen er at kampen går på kunstgras og då spelar me i alle fall til tider betre fotball, seier Connor.
Spelande trenar for Måndalen, Tommy Alte Nikolaisen, meiner det vart eit typisk lokaloppgjer med mykje duellar og få sjansar.
- Etter utvisinga viste de unge laget vårt kjempegod innsats og god moral. Me er på høgde med Vestnes Varfjell som med ein mann meir skaper overraskande lite. Eg føler at dei er heldig som får det siste målet som trillar inn ved stolpen. Både spellemessig og moralsk hadde me fortent å få med oss eit poeng i dag, seier Nikloaisen til Varfjell-TV.