To av Vestnes Varfjell sine motstandarar i årets 4. divisjon har fått trenaren på plass. I Bud IL tek legendariske Helge Torhaug no overtek ansvaret for A-laget. Kristiansund FK satsar på ein trenarduo der Frode Byttingsvik og Jan Kåre Solli skal dele ansvaret.
Bud skriv på eigne nettsider at Torhaug har vore sterkt ønska til oppgåva av spelarane på A-laget. Bud endte på 8. plass i 4. divisjon i 2007. Les meir på nettsidene til Bud >>
Kristiansund FK, som rykka ned saman med Vestnes Varfjell frå 3. divisjon i haust, skriv på sine nettsider at Solli også skal ha ansvaret for juniorlaget. Frode Byttingsvik var i si tid norgesmeister for junior i MFK saman med tidlegare Varfjell-spelar André Sylte. Han har spelt midtstoppar for KFK heilt til det siste, men det går ikkje fram av informasjonen på nettsidene til KFK om han skal vere spelande trenar. Les meir her >>