Fiksdal/Rekdal-spelaren skal i møte med klubbleiinga i Vestnes Varfjell måndag, men røper overfor Bygdebladet at det er nesten 100 prosent sikkert at han vil underteikne overgangspapira. Nakken arbeider i Posten i Ålesund, men bur heime i Fiksdal.
- Eg vurderte litt å gå over til ein ålesundsklubb, men fann ut at Vestnes Varfjell var det rette for meg, seier Nakken.
21-åringen rakk å skåre fire mål på fem kampar då han spelte for Vestnes Varfjell på lån frå Molde FK hausten 2003. Då var faren, Dag Nakken, trenar i Vestnes Varfjell. Seinare er det blitt fleire sesongar med spel i 5. divisjon for TIL/Fiks/Rek og ifjor Fiksdal/Rekdal for den teknisk gode og raske angriparen.
Han var på kretslaget i guteåra og vart tidleg henta til MFK. I 2002 var han tatt ut til den nasjonale talentsamlinga for gutespelarar. Seinare stoppa karriera litt opp. No ønskjer han å satse sterkare på fotballen att.