Heile første serierunde ser slik ut:
Sunndal 2 - Bud
Midsund - Molde 3
Åndalsnes - Gossen
Gry/Kårvåg/Havørn/AK 2 - KFK
Rival 2 - Dahle 2
Kampane i 4. divisjon er i oppsettet lagt til søndagar, men her vil det nok komme mange endringar på terminlistemøtet i Molde tirsdag 6. februar kl. 19.30. Vestnes Varfjell har i mange år hatt fredag som fast kampdag for sine heimekampar.
Sportsleg leiar Geir Åge Sylte seier til varfjell.no at det alt er notert ned forslag til endringar som vil bli lagt fram på møtet mellom klubbane.
- Heimelaga vel kampdag mellom fredag, laurdag eller søndag. Unntaka er om reisetid gjer det uaktuelt med fredagskamp eller dagen kolliderer med kamp for førstelaget. Det er også bestemt at siste serierunde går samtidig. Me må også tenke over om med skal avvikle kampar i flomlys fredager utpå hausten eller ikkje, seier Sylte.
Også i 3. divisjon er terminlista klar. Her ser opningsrunden slik ut:
Træff - KBK 2
Dahle - Rival
Surnadal - Averøykam
Bryn - Måndalen
Eidsvåg - Sunndal
Molde 2 - Elnesvågen