Oppmann Lars Jørgen Skjegstad melder om bra oppmøte til denne første økta på nyåret. A-laget hadde treningar også før jul, men det er no oppkjøringa til sesongen startar for alvor.
Trenar Alexander Connor ser ut til å få ein større stall å velge blant denne sesongen. Ikkje minst er det mange unge som bankar på døra til A-laget. Mange av dei som var på trening måndag er likevel først og fremst aktuelle for juniorlaget/B-laget.