Vestnes Varfjell sin næraste nabo på feil side av Ørskogfjellet, Ørskog IL, satsar på vidare framgang i 4. divisjon denne sesongen. Likevel vil ikkje nytrenar Geir Arne Pedersen snakke om opprykk overfor lokalavisa Bygdebladet. Kanskje blir det lettare om ein ein bortkomen son vender heim?
Ørskog håper nemleg å få heim Sigve
Rørstad. Han er ferdig i AaFK, der han var fast på
andrelaget, men fekk nokre treningskampar også for A-laget.
Ørskogbygdaren er ute etter ein klubb å spele for
før han reiser vekk på studiar til hausten. Valget
skal stå mellom Spjelkavik og moderklubben Ørskog,
skriv Ørskog-supportersida
Murerane.com.
Bygdebladet har onsdag eit intervju med trenar Geir Arne Pedersen
under overskrifta "Greier Ørskog å klatre frå 4.
til 3. divisjon?". Pedersen kjem frå trenarjobben i Stordal
og har erfaring som spelar mellom anna i Kjelsås.
- Vi har ikkje definert noko konkret, anna enn at vi skal gjere det
betre enn i fjor. Då vart vi nummer 6. Steget vidare er ikkje
så stort, og vi kan håpe på å kjempe i
toppen, seier Pedersen til avisa.
Spelarstallen er heller ikkje heilt klar, og Pedersen røpar
at dei har forhøyrd seg om nokre nye spelarar i
lokalmiljøet, men at ikkje noko er avklart. Rundt 22
spelarar er alt klare. Dei skal i vinter trene tre dagar i veka
felles, i tillegg kjem to eigentreningar.