Fotballkretsen har no sendt ut forslag til terminliste for 3. divisjon. Her har Vestnes Varfjell fått heimekamp i første serierunde, mot KBK 2. Så ventar to bortekampar, lokaloppgjera mot Måndalen og Åndalsnes. Neste heimekamp er 16. mai. Motstandar er Rival. Serien blir avslutta heime mot Træff 10. oktober. Heile vårsesongen:
24/4: KBK 2 (h)
2/5: Måndalen (b)
9/5: Åndalsnes (b)
16/5: Rival (h)
23/5: AK (b)
30/5: Sunndal (h)
6/6: Elnesvågen (b)
13/6: Eidsvåg (h)
20/6: Surnadal (b)
27/6: Dahle (h)
4/7: Træff (b)
Terminlistemøtet blir tirsdag 3. februar kl 18 på
Alexandra Molde.
Heimekampar i første runde, siste runde og 16. mai ville
vore full jackpott om det hadde vore Tippeligaen, men er heilt
greit å ta med seg også i 3. divisjon. Måndalen
eller ÅIF hadde nok vore ønskemotandar 16. mai, men
dei skal i staden møtast på Øran til "Slaget om
Rauma".
Fotballkretsen skriv at lag som er nyopprykka har fått
heimekamp i første runde, det same gjeld lag som åpna
borte i fjor. Alle kampar er i forslaget sett opp laurdagar klokka
16, så her vil det komme endringar. Heimelaga kan velge
fredag, laurdag eller søndag som kampdag. Vestnes Varfjell
vil nok også i år ha fredag kveld klokka 19 som
tidspunkt for sine heimekampar.
Heile forslaget finn du under som Word-dokument.
Forslag terminliste 3. divisjon