Jørgen Gravdehaug mot Bud.
Bud blir neste motstandar.
Bortekampen mot Træff 2, som var første kamp i 4. divisjon etter ferien for Vestnes Varfjell, er utsett. Kampen var opphavleg terminfesta til måndag 4. august, same dag som Molde møter Aalesund i eliteserien. Av den grunn, og fordi Vestnes Varfjell har mange spelarar på ferie enno, er laga blitt samde om å utsette kampen. Dermed blir kampen mot Bud heime neste kamp. Denne kampen er sett opp fredag 8. august, men vi har eit ønske om flytte den til søndag, seier Vestnes Varfjell-oppmann Einar Helge Brennvik til varfjell.no.


Grunnen er igjen at Vestnes Varfjell framleis har ein del spelarar på ferie 8. august.

Ny dato for kampen mot Træff 2 vil bli sett opp seinare. Denne vil no bli no måtte bli spelt i midtveka. Brennvik seier Træff 2 har eit ønskje om at kampen kan spelast på den nye kunsgrasbana som er under bygging ved Træffhallen (gamle Reknesbana), noko Vestnes Varfjell sjølvsagt ikkje har noko imot.