Alexander Connor i kamp mot en KFK-spiller (Foto: GK)
Frå vårkampen mellom laga.
Vestnes Varfjell skal ut i ny vanskeleg bortekamp i 4. divisjon laurdag når laget dreg til Kristiansund for å møte det gamle storlaget KFK. Kampen er flytta frå Gressbanen til Atlanten stadion. varfjell.no har planar om å halde deg oppdatert på utviklinga i kampen som startar klokka 15. Etter at ÅIF slo MFK 3 2-0 borte torsdag, er berre seier er godt nok for Vestnes Varfjell dersom spenninga skal halde seg til siste serierunde. Fredag kom derimot ei melding som var meir oppløftande.

Då vedtok nemleg kretsstyret at KBK 2 får halde fram i 3. divisjon trass i at dei ikkje kunne stille lag i ein kamp mot Bryn. Hadde dei blitt stroke ville Træff ha passert Molde 2 i toppen i 3. divisjon. Blir Træff vinnar av 3. divisjon og rykker opp gjennom kvalifisering vil også Træff 2 kunne rykke opp frå 4. divisjon. Træff 2 ligg 4 poeng føre Vestnes Varfjell og vil vere uråd å ta att om dei vinn sin siste kamp, heime mot Bud søndag.

Molde 2 treng nå berre ein uagjort heime mot Måndalen i siste kamp for å vere sikra meisterskapet i 3. divisjon. Dermed er det i praksis berre eit MFK-nedrykk frå Tippeligaen som kan hindre eit opprykk for Vestnes Varfjell. Då kan nemleg heller ikkje Molde 2 rykke opp og kvalifiseringsplassen går til Træff. Med mindre laget skulle vinne sine to siste kampar og Åndalsnes eller Træff 2 tape sin siste kamp. ÅIF møter Midsund heime i siste serierunde, Vestnes Varfjell tar imot Dahle 2.