
Varfjell slo Rollon, som då spelte i gamle 3. divisjon, 2-1
i ein omkamp i cupen i 1976 (første kamp endte 0-0). Seieren
tok laget til 1. ordinære NM-runde for første og
hittil siste gong. Cupeventyret endte med tap 0-4 mot MFK på
gamle Molde stadion (året etter slo Rollon ut nettopp MFK i
1. runde). Omkampen i 1976 vart spelt i Tresfjord. Sist Rollon
spelte kamp på Vestnes må ha vore under krigen.
Rollon er Ålesunds eldtste fotballklubb, stifta i 1913 -
året før Aalesunds FK, og spelar i 3. divisjon
på Sunnmøre. Laget blir trent av tidlegare MFK-spelar
og Hødd-trenar Stig Monsen. Den største stjerna er
tidlegare AaFK-spiss Nils Ottar Sandø. Laget ser ut til
å vere forsterka i løpet av vinteren. Kampen i kveld
blir deira første treningskamp i vinter. Les meir på
supportersida Rollon.info.
Kampane i Partner cup blir spelt over 2 x 30 minutt og det er
Raumadommerne som arrangerer. Det er andre gong turneringa blir
avvikla, og i år er det med to fleire lag enn i fjor.
ÅIF vann i 2008.