{seyretpic id=405 align=left}Vestnes Varfjell spelar vinterenes første treningskamp torsdag 22. januar klokka 19 heime i Vestnes idrettspark mot Norborg. Norborg, som til liks med Vestnes Varfjell rykka opp i 3. divisjon i haust, er motstandar på same bane 2. april. I mellomtida står mellom andre lag som HaNo, Elnesvågen og Aalesund for tur, før det som ser ut til å bli generalprøven, borte mot Stranda. Dette er kampane som er avtalt til no:


22. januar: Norborg (Vestnes)
31. januar: HaNo (Vestnes)

28. februar: Elnesvågen (Molde kgb)
Mars: Aalesund 2/jr (Color Line)
2. april: Norborg (Vestnes)

4. el. 7. april: Stranda (Stranda)

- Kampane mot Elnesvågen og Stranda er ikkje heilt spikra enno. Fleire kampar kjem truleg også til å bli avtalt, seier spelande trenar Alexander Connor til varfjell.no.

Kampen mot Aalesund er heller ikkje heilt stadfesta, men oppmann Einar Helge Brennvik fortel til varfjell.no at klubben er "lovt" ein kamp på Color Line stadion i vinter.

I fjor deltok laget i Partner Cup på Åndalsnes, som også gjalt som gruppespel i vintercupen. Det er vel ikkje usansynleg at denne turnerigna blir arrangert også i år. I tilfelle blir det kampar mot Isfjorden, Åndalsnes og Måndalen.

- Me har ikkje høyrt noko frå Partner Cup, seier Connor.

Det har også vore lufta å reise utanlands på treningsleir, men dette blir det ikkje noko av i denne omgang.