(Bud/Bryn - Vestnes Varfjell 2-3) Skåringar av Magnus Nerheim, Cédrik Andreassen og Leo Krogseth sikra ein sterk borteseier i 5. divisjon laurdag. – Deilige 3 poeng mot kanskje årets tøffaste bortekamp!
– Eg føler me vinn "krigen" på ei vanskeleg bane. Me slit litt i andre omgang, men jobbar knallhardt og har meir vilje i duellspelet enn i forrige kamp, seier spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen etter kampen på kustgraset i Bud.
Det har vore mange kampar for Varfjell mot både Bud og Bryn opp gjennom historien. No har laga ved Hustadvika slått pjaltane saman i håp om å komme tilbake på det lokale fotballkartet. I fjor vart det opprykk frå 5. divisjon, og før denne kampen sto laget med tre strake seierar. Vestnes Varfjell var også utan poengtap, men med ein kamp mindre spelt-
Det var med andre ord duka for eit tidleg toppoppgjer i vårsol og lei sidevind i Bud. Vertane yppa seg i starten og var nærme på eit skot som gjekk i tverrliggar og ned. Så tok Vestnes Varfjell gradvis over. Bud/Bryn vart nok tatt litt på senga av det høge presset frå gjestane. Etter kvarteret sto det 0-1. William Pedersen Hjelvik skaut på keeper som måtte gje retur, der var Magnus Nerheim på plass og sette ballen i mål.
Bud/Bryn hadde før kampen annonsert to solide forsterkingar: Ulrik Stranden, fjoårets KBK 2-kaptein er henta heim frå Levanger og tidlegare Elnesvågen-storskårar Robin-Aleksander Bergseth hadde flydd heim frå studiar i USA. Dei starta på benken, men før 20 minutt var spelt var dei del av eit trippelbytte.
Det hadde ingen umiddelbar effekt, for Vestnes Varfjell auka leiinga etter ein halvtime. Det kom på ein likande situasjon som 0-1. Etter eit frispark hamna ballen tilbake i feltet der fleire sjansen før Cédrik Andressen fekk ballen i mål. Samtidig vart det litt tumultar då vertane brukte ein skade etter målet til ein taktisk time-out.
Vestnes Varfjell spelte seg fram til ein hjørnespark før pause, men fekk ikkje fleire mål. Vertane yppa seg litt på overtid, men det sto 0-2 ved halv tid.
Andre omgang starta litt som første, med tette duellar. Det så endå lysare ut for Vestnes Varfjell då Leo Krogseth auka til 0-3 på eit frispark direkte i mål like før timen var spelt. Bud/Bryn reduserte ved Sivert Vaagen Gule like etter. Like før full tid skapte nemnde Stranden ny spenning då han sette inn 2-3, men Vestnes Varfjell rei seieren i land etter hektiske sluttminutt. Bud/Bryn hadde balle i nettet to gongar, men vart avvinka for offside begge gongar.
KAMPFAKTA
Bud/Bryn - Vestnes Varfjell 2-3 (0-2)
5. divisjon Nordmøre og Romdal, laurdag 9. mai 2026 kl 14.30
Bud stadion kunstgras, 100 tilskuarar
Mål:
0-1 (15) Magnus Nerheim
0-2 29) Cédrik Andreassen
0-3 (59) Leo Krogseth
1-3 (63) Sivert Vaagen Gule
2-3 (89) Ulrik Stranden
Dommar: Kjell Olav Moen, Træff
Assistentdommarar: Harald Vebenstad og Storme Høgseth Aakvik, begge Averøykameratene
Gult kort: Torstein Væge Nekstad (25) og William Pedersen Hjelvik (90), Vestnes Varfjell. Jan Erlend Gule Austevik (41) og Sivert Vaagen Gule (69), Bud/Bryn
Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad, Ørjan Tangen, Cédric Ronnie Hellström Andreassen, Magnus Nerheim - Tommy Kanishi Andreassen, Vegard Storsæter Ellingseter, Tor-Bjarne Løvik Salte - William Pedersen Hjelvik, Elling Furland Olafsen, Leo Villa Krogseth
Inn: Svein Erik Lange Male, Didrik Selnes Sæter, Knut Stian Eik, Florian Hill, Sverre Lindset
Bildegalleri under: