Leo Krogseth jublar for vinnarmålet.

(Vestnes Varfjell - Nordlandet/Frei 3-2) Vestnes Varfjell sikra sin fjerde strake seier i 5. divisjon då Nordlandet/Frei vart slått 3-2 torsdag kveld. Heimelaget gjorde det unødvendig spennande, men med eit praktfullt skot sikra Leo Krogseth at alle poenga vart att på Vestnes.

Nordlandet/Frei er ein ny konstellasjon av året, sett saman av bydelsklubben Nordlandet i Kristiansund og restane av Frei-laget som trekte seg frå 4. divisjon etter å ha tapt 0-8 for Vestnes Varfjell i fjor. Dei sto med to seierar og to tapte kampar før turen til Vestnes. Med andre ord eit av dei betre laga under topplaga.

1-0 ved Didrik Sæter.

Heimelaget visste at dette helst burde blir tre poeng på heimebane, og før minuttet var spelt sette Didrik Sæter inn 1-0 etter innlegg og forarbeid av Leo Krogseth. Frå avspark til ballen lag i nota tok det nøyaktig 32 sekund.

Tonen var sett, men heimelaget sleit med å følge opp. Laget hadde spelet, men det vart mykje ein og ein. Sæter var nære 2-0 då han dribla seg heilt fram til keeper, ellers var behaldninga nokre skotforsøk. 1-0 ved halv tid i vårregnet i Vestnes idrettspark.

Også etter pause jakta heimelaget fleire skåringar. Den kom etter timen då Elling Olafsen skaut i mål frå kloss hald etter innlegg frå William Hjelvik som la inn frå dødlinja etter eit langt framspel frå Vegard Ellingseter. No trudde nok dei fleste at heimelaget skulle cruise inn til seier, men plutseleg vakna gjestane. Dei hadde ikkje skapt noko før i kampen før eit frispark inn i feltet endte hos Andrian Hestvik som reduserte med eit skot frå kloss hald. Så måtte Egil Dalhaug varte opp med ei praktredning for å hindre 2-2. Utlikninga kom likevel etter at Fredrik Kvinge Hansen fekk fulltreff på andre bølge etter ein corner.

Heldigvis hadde Vestnes Varfjell krefter til ein sluttspurt. Ti minutt før slutt sette Leo Krogseth inn det som skulle bli vinnarmålet. Kantspelaren gjorde alt sjølv etter ein fin crosspasning frå Didrik Sæter, der han drog seg fri inne i feltet og curla ballen i lengste hjørne. 

Laget hadde også sjansar til å skåre fleire mål på slutten. Tor-Bjarne Løvik Salte heada like over, medan Leo Krogseth skaut i tverrliggaren og over etter flott forarbeid av innbyttar Henrik Tomren.

Kristian Flittie Onstad sesongdebuterte i midtforsvaret og tok kommando i den omgangen han spelte. Framover var Didrik Sæter friskast saman med matchvinnar Krogseth.

Neste kamp blir eit skikkeleg toppoppgjer når Batnfjord kjem på besøk neste fredag.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Nordlandet/Frei 3-2 (1-0)

5. divisjon Nordmøre og Romsdal, torsdag 21. mai 2026 kl 19.30

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (1) Didrik Sæter

2-0 (61) Elling Olafsen

2-1 (63) Adrian Johan Dall Hestvik

2-2 (76) Fredrik Kvinge Hansen

3-2 (80) Leo Krogseth

Dommar: Harald Vebenstad,  Averøykameratene
Assistentdommarar: Håkon Bøe Olsen, Dahle og  Lauritz Røstberg, Rival

Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte, Vestnes Varfjell (88)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Sverre Lindset (Magnus Nerheim 46.), Kristian Flittie Onstad (Vegard Ellingseter 46.), Svein Erik Lange Male, Torstein Væge Nekstad - Didrik Selnes Sæter (Henrik Leao Tomren 81.), Tommy Kanishi Andreassen, Tor-Bjarne Løvik Salte, William Pedersen Hjelvik, Elling Olafsen (Odd Johann Ludviksen 73.), Leo Villa Krogseth

Bildegalleri:

DSC_6759
DSC_6759
DSC_6760
DSC_6760
DSC_6761
DSC_6761
DSC_6762
DSC_6762
DSC_6763
DSC_6763
DSC_6764
DSC_6764
DSC_6765
DSC_6765
DSC_6766
DSC_6766
DSC_6767
DSC_6767
DSC_6768
DSC_6768
DSC_6769
DSC_6769
DSC_6770
DSC_6770
DSC_6771
DSC_6771
DSC_6772
DSC_6772
DSC_6773
DSC_6773
DSC_6774
DSC_6774
DSC_6775
DSC_6775
DSC_6776
DSC_6776
DSC_6777
DSC_6777
DSC_6778
DSC_6778
DSC_6779
DSC_6779
DSC_6780
DSC_6780
DSC_6781
DSC_6781
DSC_6782
DSC_6782
DSC_6783
DSC_6783
DSC_6784
DSC_6784
DSC_6785
DSC_6785
DSC_6786
DSC_6786
DSC_6787
DSC_6787
DSC_6788
DSC_6788
DSC_6789
DSC_6789
DSC_6790
DSC_6790
DSC_6791
DSC_6791
DSC_6792
DSC_6792
DSC_6793
DSC_6793
DSC_6794
DSC_6794
DSC_6795
DSC_6795
DSC_6796
DSC_6796
DSC_6797
DSC_6797
DSC_6798
DSC_6798
DSC_6799
DSC_6799
DSC_6800
DSC_6800
DSC_6801
DSC_6801
DSC_6802
DSC_6802
DSC_6803
DSC_6803
DSC_6804
DSC_6804
DSC_6805
DSC_6805
DSC_6806
DSC_6806
DSC_6807
DSC_6807
DSC_6808
DSC_6808
DSC_6809
DSC_6809
DSC_6810
DSC_6810
DSC_6815
DSC_6815
DSC_6816
DSC_6816
DSC_6817
DSC_6817
DSC_6818
DSC_6818
DSC_6819
DSC_6819
DSC_6820
DSC_6820
DSC_6821
DSC_6821
DSC_6822
DSC_6822
DSC_6823
DSC_6823
DSC_6824
DSC_6824
DSC_6825
DSC_6825
DSC_6826
DSC_6826
DSC_6827
DSC_6827
DSC_6828
DSC_6828
DSC_6829
DSC_6829
DSC_6830
DSC_6830
DSC_6831
DSC_6831
DSC_6832
DSC_6832
DSC_6837
DSC_6837
DSC_6838
DSC_6838
DSC_6839
DSC_6839
DSC_6840
DSC_6840
DSC_6841
DSC_6841
DSC_6842
DSC_6842
DSC_6843
DSC_6843
DSC_6844
DSC_6844
DSC_6845
DSC_6845
DSC_6846
DSC_6846
DSC_6847
DSC_6847
DSC_6848
DSC_6848
DSC_6849
DSC_6849