Asbjørn Vik gjer klart til direkteoverføring.
Asbjørn Vik
Vestnes Varfjell har opna serien med to strake seierar etter at Clausenengen vart slått 3-0 (1-0) fredag kveld. Ronny Leikarnes, Tommy Kanshi Andreassen og Simen Brennvik skåra måla i ein kamp som vart streama direkte via internett som truleg den første kampen i lokalfotballen nokon gong. Sjå heile kampen i opptak her . Spelande trenar Alexander Connor var fornøgd  etter kampen:

CFK om kampen | BILDEGALLERI | Program VVIL-CFK 2010 Program VVIL-CFK 2010

 

- Kjempebra! Defensivt sit det meste og offensivt kjem me til mange sjansar, og i dag greier me også å omsetje dei i skråning. Alt i alt er eg meget godt fornøgd med innsatsen mot det som truleg er eit av dei betre laga i divisjonen.

{seyretpic id=1204 align=center}  {seyretpic id=1205 align=center} 
{seyretpic id=1206 align=center}  
{seyretpic id=1208 align=center} {seyretpic id=1209 align=center}

Vestnes Varfjell var best før pause og kom til fleire store sjansar før Ronny Leikarnes kom aleine med keeper og sette inn 1-0 etter ein halvtime.

 

Gjestane frå Kristiansund hadde eit lite initiativ like etter pause, men det var igjen heimelaget tok over og var var i tillegg farlegast føre mål. Gong på gong vart CFK-forsvaret utfordra av aggressive heimespelarar. Kampens flottaste prestasjon sto Tommy Kanishi Andreassen for då han gjekk frå eigen banehalvdel og gjennom heile CFK-forsvaret før han sette inn 2-0. 3-0 kom etter ein retur som Simen Brennvik sette i det opne målet.

 

CFK hadde sin største sjanse i kampen då Ronny Svanemsli skaut i stolpen på stillinga 2-0.


Kampfakta

Vestnes Varfjell - Clausenengen 3-0 (1-0)

4. divisjon

Fredag 23. april 2010 kl 19.00

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (31) Ronny Leikarnes

2-0 (63) Tommy Kanishi Andreassen

3-0 (75) Simen Brennvik

Dommar: Hallgeir Talstad, MFK
Gult kort: 2 til CFK
Laget: Svale Leren, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor (Magnus Nerheim 72.) - Elling Olafsen (Bjørn-Vegard Løvik 82.), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen (Tommy Solevågseide 90.)

Banens beste: Tommy Kanishi Andreassen