Vestnes Varfjell hadde ballen mykje gjennom heile kampen.
Sjølv med ein mann meir vart gjestane liggande lavt. Der
forsvarte dei seg godt mot eit heimelaget soms tadig køyrde
seg fast.
{seyretpic id=1210 align=center} | {seyretpic id=1211 align=center} | |
{seyretpic id=1212 align=center} | {seyretpic id=1213 align=center} |
Kaptein Yngve Solevågseide hadde
den første sjansen med eit skot på keeper frå
kloss hald. Isfjorden var ikkje ufarlege på kontringar, og
etter ein halvtime måtte Svale Leren ty til ulovlege middel
for å stoppe ein gulkledd speler på veg mot mål
etter å ha fått ballen i gåve frå ein
Varfjell-spelar. Resultatet vart raudt kort og straffespark.
Utespelar Elling Olafsen tok over mellom stengene, men han kunne
ikkje hindre at gjestane tok leiinga.
Vestnes Varfjell helt trykket oppe også etter skåringa
og like før pause fekk laget uttelling. Eit frispark
frå Jørgen Gravdehaug fann Thomas André Brastad
på bakre stolpe. Tomrefjord-kombinasjonen sørga for
1-1 til pause.
Etter ein jamn start på andre omgang, hadde Tommy Kanishi den
første store sjansen med eit godt skot.
Lag som vil rykke opp bør helst vinne på heimebane, og midtvegs i andre omgang såg det ut til å gå vegen for heimelaget. Ronny Leikarnes la inn til Simen Brennvik som sette inn leiarmålet. 2-1 såg ut til å halde seg til rett før full tid. Då gav keepervikar Olfasen ein retur på eit svakt skot. Ein Isfjorden-spelar var sist på returen og dermed 2-2.
Bestemannsprisen gjekk til midtstoppar Ørjan Tangen.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Isfjorden 2-2 (1-1)
4. divisjon, torsdag 29. april 2010 kl 19
Vestnes idrettspark, 80 tilskuarar
Mål:
0-1 (29) Marius Trana, str.
1-1 (45) Thomas André Brastad
2-1 (65) Simen Brennvik
2-2 (88) Geir Arne Fedje
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide
Raudt kort: Svale Leren, VVIL (29)
Gult kort: Simen Brennvik, Tom Christian Dahle Nekstad, Bård Indredavik og Kim Hugo Nyheim, Isfjorden
Vestnes Varfjell 4-3-3: Svale Leren,
Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Thomas
André Brastad - Yngve Solevågseide (Svein Erik Lange
Male 65.), Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Elling
Olafsen, Ronny Leikarnes (Magnus Nerheim 80.), Tommy Kanishi
Andreassen