Unggutane Simon Kjørvik og Sverre Lindseth (nr 11) var sentrale på bortelaget.

(Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 2-1) Vestnes Varfjell såg ut til å sikre seg eit velfortent bortepoeng, men gjekk på eit nytt tap i sluttminutta då laget gjesta Eide fredag.

Eide kom frå eit sterkt bortepoeng mot Åndalsnes, men sto utan seier. Vestnes Varfjell håpte å bygge videre på seieren mot Dahle sist. Gjestane opna best i ein kamp der det tidleg var klart at begge ville ligge lavt og satse på kontringar.

Tommy Kanishi Anderassen gav laget leiinga på eit frispark frå hjørnet av 16-meteren som gjekk gjennom heile feltet og i mål etter 25 minutt. Då hadde Eide alt hatt ein ball i stolpen og Varfjell-målvakt Egil Dalhaug vore i aksjon ein gong.

Rudi Samseth kunne ha auka til 2-0 då kom igjennom på kanten, men skotet strauk utanfor lengste stolpe. 

Eide utlikna på eit innlegg frå Nicolay Bruseth som gjekk inn via stolpen etter 34 minutt. Vertane brente også eit straffespark i en sjansefattig førsteomgang. Kaptein Lysgård sendte ballen langt over fem minutt før pause. Omgangen vart avslutta med at Eide fekk eit mål avblåst for offside.

Tommy Kanishi har akkurat sendt Vestnes Varfjell i leiinga.

Kampen opna seg opp etter pause med fleire sjansar til begge lag. Etter tre minutt ville Varfjell ha straffe då Magnus Nerheim, som hadde laga straffe rett før pause, vart dratt ned. Han landa i alle fall innanfor 16-meteren, men dommaren trakk den utanfor. Situasjonen førte etter kvart til at same Nerheim fekk avslutta med eit skot som strauk over motsatt kryss. Så var det Simon Kjørvik som kom på skothald, men avslutninga vart for laus og keeper hadde kontroll.

Etter timen varta Dalhaug opp med ei god redning på eit lurt skot ute ved stolpen. Så var Varfjell farleg i andre enden. Både Leo Krogseth og Tommy Kanishi prøvde seg, men Eide-bein sto i vegen for avslutningane. Så hadde Eide ei heading like over frå kloss hald før Kanishi igjen prøvde seg på eit skot som keeper fekk stoppa.

Då det såg ut til å gå mot poengdeling kom seiersmålet etter eit unødvendig balltap då Varfjell var på veg framover etter ein corner. Eides Kaptein Idar Vangen Lysgård fekk tid til å skru eit skot forbi keeper til 2-1. Dermed gjorde han opp for straffemissen og sikra årets første seier for heimelaget. Då var det spelt 88 minutt. Vestnes Varfjell forsøkte ein sluttspurt, men Eide rydda unna og kunne også ha punktert kampen då dei kontra og skaut like utanfor.

Igjen god laginnsats, og særleg vil me trekke fram Sverre Lindset, Simon Kjørvik og Leo Krogseth denne gongen. Unguttane sto for mykje av det kreative framover saman med ein alltid oppofrande kaptein Tommy Kanishi. Bakover var det igjen solid, og trass ser laget ut til å unngå dei mange baklengsmåla som har prega laget gjennom fleire sesongar.

Laget måtte også notere ein ny skade då spiss Jon Venås måtte gå av tidleg med ein strekk. Frå før er spissen Knut Stian Eik ute og Elling Olafsen kunne ikkje vere med fredag. Dermed måtte Leo Krogseth opp og spele spiss. Også William Hjelvik er ute med skade.

Torstein Væge Nekstad fekk sin debut på A-laget då han kom inn på slutten.

Neste kamp er først om to veker, heime mot Frei.

KAMPFAKTA:

Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 2-1 (1-1)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 9. mai 2025 kl 19

Eide kunstgressbane, 125 tilskuarar

Mål:

0-1 (26) Tommy Kanishi Andreassen
1-1 (35) Nicolay Bruseth
2-1 (87) Idar Vangen Lysgård

Dommar: Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen. Assistentdommarar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen og Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen Kristiansund

Gult kort: Simon Kjørvik, Vestnes Varfjell (76)

Vestnes Varfjell (4-5-1):
12 Egil Dalhaug

6 Ørjan Tangen
23 Svein Erik Lange Male
27 Kristian Flittie Onstad
9 Magnus Nerheim

10 Leo Villa Krogseth
11 Sverre Olgar Lindset
22 Simon Ødegård Kjørvik
80 Tommy Kanishi Andreassen (K)
5 Rudi Talberg Samseth

66 Jon Areas Venås

Innbyttarar:
8 Vegar Bjørkevoll Skare 38. min for Venås
18 Lucas Vold Moen 60. min for Tangen
25 Torstein Væge Nekstad 89. min for Lindset (debut)

Ikkje benytta:
99 Lars Håvard Heen Lien (reservekeeper)
3 Ole Alexander Mekvik Ulvestad 
25 Andreas Hole 

Nokre bilde frå kampen:

Sverre Lindseth var drivande god så lenge kreftene heldt.
Kaptein Kanishi gav som vanleg alt.