Svein Erik Lange Male (t.v.) har nettopp sendt heimelaget i leiinga.

(Vestnes Varfjell - Dahle 2-0) Headingar frå Svein Erik Lange Male og Jon Areas Venås, begge etter corner, sørga for årets første seier for Vestnes Varfjell. Poenga vart sikra i ein skikkeleg arbeidsseier. 

Endeleg fekk laget igjen for innsatsen som har gitt knepne tap i dei to siste kampane. Det såg ikkje så lyst ut i starten mot Dahle fredag heller. Gjestane hadde eit overtak før pause, men det vart berre nesten for gjestane frå Kristiansund. 

Vestnes Varfjell sleit med å etablere noko angrepsspel, det næraste dei kom skåring var eit frispark frå Tommy Kanishi Andreassen som strauk på utsida av stolpen etter 12 minutt. Ti minutt seinare hadde Elling Olafsen ein sjanse, men skotet gjekk over. Varfjell-målvakt sørga for at omgangen vart mållaus då han varta opp med ei god redning på bakre stolpe rett før halv tid.

Trenarane gjorde vellukka endringar til andre omgang.

Trenarduoen Odd Hjelvik og Bjørn Nedreskodje la om formasjon til andre omgang. Simon Kjørvik vart flytta fram for å gje meir løpsstyrke på midtbanen og heilt framme skulle Jon Areas Venås jage.

Tommy Kanishi Andreassen kom til den første sjansen etter pause då han forfølgde ein ball, men keeper rakk ut i tide. Like etter serverte Svein Erik Lange Male Leo Krogseth lurt på eit frispark, men avslutninga gjekk over. Så var det Simon Kjørvik sin tur til å prøve seg, men skotet gjekk like utanfor via keeper til corner. Då var det spelt timen. Svein Erik Lange Male blir alltid flytta fram på hjørnespark. Han raga igjen høgast i feltet og heada inn 1-0. 

Svein Erik Lange Male heada inn 1-0 på corner.



Dette var kvelden for cornermål for heimelaget. For der gjestane ikkje skåra på nokon av sine tosifra antall hjørnespark, var heimelaget dødleg effektive på sine - servert av Leo Krogseth. 75 minutt var spelt då Jon Areas Venås plasserte seg på rett stad og heada over Dahles spelande trenar og målvakt Bjørnar Jünge Husby til 2-0. Det var Venås sitt første seriemål etter overgangen frå Måndalen.

Jon Areas Venås (delvis skjult) headar ballen over keeper Bjørnar Jünge Husby til 2-0.

Enno var det mange minutt att og Dahle la inn eit press på slutten. Det trufaste heimepublikummet som hadde møtt fram  i det sure vårvêret fekk sjå eit heimelag som kjempa som løver om kvar ball. Dahle prøvde å sette inn ein sluttspurt, men Vestnes Varfjell spelte med hjartet utanpå drakta innstilt på å ta årets første seier. Dommar la til mykje, mellom anna fordi ein Dahle-spelar landa forkjært og skada armen, men til slutt kunne laget juble for seier.

Det blir feil å trekke fram enkeltspelarar etter denne kampen som altså var ein skikkeleg arbeidsseier, men me kjem ikkje utanom kaptein Tommy Kanishi Andreassen som spelte med smerter og ofra seg kampen. Målvakt Egil Dalhaug heldt laget inne i kampen før pause, i andre omgang var Simon Kjørvik drivande då han vart flytta opp på midtbanen og Jon Areas Venås var eit konstant uromoment. Og ikkje minst: Svein Erik Lange Male - matchvinnar i begge endar av bana!

Ekstra sterk var seieren fordi laget også er skadesvekka for tida. Både Kristian Flittie Onstad og William Hjelvik var mellom dei som måtte stå over denne gongen, men stallen er brei og mange står klare til å fylle tomromma. Lucas Vold Moen frå Måndalen debuterte då han kom inn som innbyttar i andre omgang. Også Andreas Hole fekk sine første minutt i obligatorisk A-lagskamp. Odd Johann Ludviksen har spelt nokre minutt allereie. Spelaren med fortid i mellom anna Ellingsøy og AK kom inn tidleg for ein skadd Knut Stian Eik.

Neste kamp er borte mot Eide.

Bildegalleri under:

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Dahle 2-0 ( 0- 0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 2. mai 2025 kl 19

Vestnes idrettspark, 95 tilskuarar

Mål:

1-0 (61) Svein Erik Lange Male

2-0 (75) Jon Areas Venås

Dommar: Sjur Engelsen Lange, Guard.   Assistentdommarar: Tobias Lekvam, Rosenborg og Arve Toven, Norborg

Gult kort: To til Dahle

Vestnes Varfjell (4-4-2): 

1 Egil Dalhaug
6 Ørjan Tangen
22 Simon Ødegård Kjørvik
23 Svein Erik Lange Male
2 Håkon Ødegård Kjørvik
 
66 Jon Areas Venås
11 Sverre Olgar Lindset
80 Tommy Kanishi Andreassen (k)
10 Leo Villa Krogseth
 
7 Elling Furland Olafsen
14 Knut Stian Eik
 
Innbyttarar:
8 Odd Johann Ludviksen 22. min for Eik
16 Lucas Vold Moen 46. min. for H Kjørvik
18 Andreas Hole 90. min for Venås
 
 
Ubenytta:
9 Magnus Nerheim
19 Markus Vestad Lyslo
 
DSC_5550
DSC_5550
DSC_5551
DSC_5551
DSC_5553
DSC_5553
DSC_5554
DSC_5554
DSC_5555
DSC_5555
DSC_5556
DSC_5556
DSC_5557
DSC_5557
DSC_5558
DSC_5558
DSC_5559
DSC_5559
DSC_5560
DSC_5560
DSC_5561
DSC_5561
DSC_5562
DSC_5562
DSC_5563
DSC_5563
DSC_5564
DSC_5564
DSC_5565
DSC_5565
DSC_5566
DSC_5566
DSC_5567
DSC_5567
DSC_5568
DSC_5568
DSC_5569
DSC_5569
DSC_5570
DSC_5570
DSC_5571
DSC_5571
DSC_5572
DSC_5572
DSC_5573
DSC_5573
DSC_5574
DSC_5574
DSC_5575
DSC_5575
DSC_5576
DSC_5576
DSC_5577
DSC_5577
DSC_5578
DSC_5578
DSC_5579
DSC_5579
DSC_5580
DSC_5580
DSC_5581
DSC_5581
DSC_5582
DSC_5582
DSC_5583
DSC_5583
DSC_5584
DSC_5584
DSC_5585
DSC_5585
DSC_5586
DSC_5586
DSC_5587
DSC_5587
DSC_5588
DSC_5588
DSC_5589
DSC_5589
DSC_5590
DSC_5590
DSC_5591
DSC_5591
DSC_5592
DSC_5592
DSC_5593
DSC_5593
DSC_5594
DSC_5594
DSC_5595
DSC_5595
DSC_5596
DSC_5596
DSC_5597
DSC_5597
DSC_5598
DSC_5598
DSC_5599
DSC_5599
DSC_5600
DSC_5600
DSC_5601
DSC_5601
DSC_5602
DSC_5602
DSC_5603
DSC_5603
DSC_5604
DSC_5604
DSC_5605
DSC_5605
DSC_5606
DSC_5606
DSC_5607
DSC_5607
DSC_5608
DSC_5608
DSC_5609
DSC_5609
DSC_5610
DSC_5610
DSC_5611
DSC_5611
DSC_5612
DSC_5612
DSC_5613
DSC_5613
DSC_5614
DSC_5614
DSC_5615
DSC_5615
DSC_5616
DSC_5616
DSC_5617
DSC_5617
DSC_5618
DSC_5618
DSC_5619
DSC_5619
DSC_5620
DSC_5620
DSC_5621
DSC_5621
DSC_5622
DSC_5622
DSC_5623
DSC_5623
DSC_5624
DSC_5624
DSC_5625
DSC_5625
DSC_5626
DSC_5626
DSC_5627
DSC_5627
DSC_5628
DSC_5628
DSC_5629
DSC_5629
DSC_5630
DSC_5630
DSC_5631
DSC_5631
DSC_5632
DSC_5632
DSC_5633
DSC_5633
DSC_5634
DSC_5634
DSC_5635
DSC_5635
DSC_5636
DSC_5636
DSC_5637
DSC_5637
DSC_5638
DSC_5638
DSC_5639
DSC_5639
DSC_5640
DSC_5640
DSC_5641
DSC_5641
DSC_5642
DSC_5642
DSC_5643
DSC_5643
DSC_5644
DSC_5644
DSC_5645
DSC_5645
DSC_5646
DSC_5646
DSC_5647
DSC_5647
DSC_5648
DSC_5648
DSC_5649
DSC_5649
DSC_5650
DSC_5650
DSC_5651
DSC_5651
DSC_5652
DSC_5652
DSC_5653
DSC_5653
DSC_5654
DSC_5654
DSC_5655
DSC_5655
DSC_5656
DSC_5656
DSC_5657
DSC_5657
DSC_5658
DSC_5658
DSC_5659
DSC_5659
DSC_5660
DSC_5660
DSC_5661
DSC_5661
DSC_5662
DSC_5662
DSC_5663
DSC_5663
DSC_5664
DSC_5664
DSC_5665
DSC_5665
DSC_5666
DSC_5666
DSC_5667
DSC_5667
DSC_5668
DSC_5668
DSC_5669
DSC_5669
DSC_5670
DSC_5670
DSC_5671
DSC_5671
DSC_5672
DSC_5672
DSC_5673
DSC_5673
DSC_5675
DSC_5675
DSC_5676
DSC_5676