(Træff 2 - Vestnes Varfjell 4-2) Det var «kamp mot eitt mål» på Reknesbanen søndag. Vestnes Varfjell tok leiinga tidleg, men måtte bruke resten av kampen til å forsvare seg mot serieleiaren. På stillinga 3-2 var laget likevel svært nærme å kunne få med seg det som ville vore eit svært heldig poeng.
Knut Stian Eik og Rudi Samseth skåra for Vestnes Varfjell i lagets første gjensyn med gamletrenar Alexander Connor som no er i teamet til Træff 2.
Vestnes Varfjell gjekk ut i ein ultradefensiv 5-4-1-formasjon i møtet med heimelaget som hadde mønstra ei angrepsrekke med Daniel Gravdehaug, Ruben Toven og Dino Okanovic. Alle fekk etter kvart sitt mål, men det var gjestane som skåra først, etter seks minutt. Det starta med eit langt framspel frå Krisian Flittie Onstad. Jon Areas Venås vann ballen frå ein utrusande keeper. Knut Stian Eik overtok og kunne sette ballen forbi to Træff-spelarar og i det opne målet frå skrått hald og heilt ute ved sidelinja. Teknisk godt utført av spissen.

Varfjell forsvarte seg godt lenge, men etter ein knapp halvtime glapp det etter eit innlegg og heading i mål frå bakre stolpe. Då hadde Træff hatt fleire store sjansar, mellom anna ein trippelsjansen som starta då keeper Dalhaug skaut ballen i ein høgtpressande Toven. I tumultane vart Svein Erik Lange Male liggande med det som såg ut som ein stygg smell, men etter nokre minutt på sidelinja var hardhausen tilbake på banen. Dessverre var det akkurat då luftsterke Male var ute av Træff 2 utlikna på ei heading.
1-1 sto seg til pause. Det gjekk ikkje lenge før vertana skåra etter pause då dei fekk straffe alt etter fem minutt. Igjen var det Lange Male som var syndaren. Dommar meinte han var for tøff i ryggen på Træff-spelaren som fall inne i feltet. Protestane førte som vanleg ikkje fram. Daniel Gravdehaug, som var mykje involvert mot gamle lagkameratar, sette inn 2-1 frå straffemerket. Like etter stakk Okanovic igjennom og sette inn 3-1. Då såg det håplaust ut.
Men på eit sjeldent angrep svarte gjestane. Eit frispark fra Flittie Onstad vart lagt inn i feltet, der vann Jon Venås duellen med keeper før sambyding frå Måndalen, Rudi Samseth, pirka ballen over linja til 3-2. Då var det spelt 76 minutt, og ikkje lenge etterpå kunne det stått 3-3. Tommy Kanishi Andreassen sendte av garde eit susande langskot, men til kapteinens store fortviling strauk det på utsida av stolpen.
Bortelaget fekk ikkje fleire sjansar, og heilt på slutten fekk også Toven målet sitt då ein ball frå Daniel Gravdehaug gjekk over Varfjell-forsvaret. Her ropte Vestnes Varfjell på frispark i forkant, men dommaren var ikkje samd denne gongen heller.
Dermed endte det med eit fortent tap, men laget unngjekk i alle fall stygge sifre.
Neste kamp er heime mot Amund Stavem og Elnesvågen fredag.
KAMPFAKTA:
Træff 2- Vestnes Varfjell 4-2 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, søndag 1. juni 2025 kl 15
Reknesbanen, 80 tilskuarar (ca 15 frå Vestnes)
Mål:
0-1 (7) Knut Stian Eik
1-1 (27) Sander Finnøy
2-1 (52) Daniel Gravdehaug, straffespark
3-1 (56) Dino Okanovic
3-2 (77) Rudi Samseth
4-2 (85) Ruben Toven
Dommar: Jan Trygve Pedersen, FCK. Assistentdommarar: Fredrik Røstberg, Rival og Eren Aksoy, Molde
Gult kort: Knut Stian Eik (45), Svein Erik Lange Male (88), Egil Dalhaug (89), Vestnes Varfjell. Sander Finnøy, Træff 2 (83)
Vestnes Varfjell (5-4-1): Egil Dalhaug; Sverre Lindseth, Ørjan Tangen, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male (Håkon Kjørvik frå 23.-27. min), Rudi Samseth - Knut Stian Eik (Håkon Kjørvik 64.), Tommy Kanshi Andreassen (k), Leo Krogset, Lucas Vold Moen (Teodor Johansen 60.) - Jon Areas Venås
Ubenytta reserver: Lars Håvard Heen Lien (reservekeeper) og Vegar Skare (ikkje heilt kampklar)
Trenarar: Odd Hjelvik og Bjørn Nedreskodje. Lagleiar Lars Håvard Heen Lien
