(Vestnes Varfjell - Averøykameratene 0-5) Det vesle håpet som var att for å berge plassen i 4. divisjon var bokstavleg talt blåst bort då Vestnes Varfjell tapte heile 0-5 heime mot AK fredag kveld. Det var varsla ekstremvær, men det einaste ekstreme denne kvelden var dem lave kvaliteten på det heimelaget greide å prestere.
Assisterande trenar Kristian Flittie Onstad oppsummerte det med klare ord ved kampslutt: - Flaut!
For dette var kampen heimelaget måtte vinne for å halde håpet om fornya kontrakt i minst ei veke til. I staden vart det baklengs etter ti minutt, misbrukt 100 prosent-sjanse og 0-1 ved pause. I medvinden i andre omgang skåra AK på dei sjansane dei fekk, medan eit stadig meir frustrert heimelag ikkje greide å få ballen i mål ein einaste gong i denne kampen heller.
Varfjell hadde "Amy" i ryggen i første omgang, men greidde ikkje å utnytte dette. Den sterke vinden gjorden i staden at ballen sjeldan fann den vegen den var tenkt. AKs Ola Hoset fann ut at det var enklast å gjere det sjølv og etter ti minutt sprang han igjennom med ballen i beina og sette inn 0-1. Like etter fekk Knut Stian Eik ein gratissjanse, men aleine igjennom hamna avslutninga rett på keeper. Omgangen elles var jamspelt med forsøk til begge lag. Sverre Lindset hadde eit skotforsøk som endte i ein AK-spelar til corner, medan Egil Dalhaug måtte varte opp med eit par gode redningar i andre enden av bana.
Heimelaget gjorde eit par bytte i pausen i håp om å få meir fart på angrepsspelet, men vart i staden kontra på. 0-2 kom etter eit langt framspel og heading til side for keeper. Like etter sto det 0-3 på eit skot som sneik seg inn ved stolpen. Varfjell prøvde og prøvde, men det vart med forsøka. Heile den store troppen fekk sleppe til etter kvart som slaget var tapt. AK auka til 4-0 og 5-0 på eit flott skot og ein retur.
Dommar Dale sto ikkje høgt i kurs, noko som gav gult kort til heile trenartrioen på benken!
Tvillingane Johansen starta ein kamp samtidig for første gong for Vestnes Varfjell. Dei starta karrieren for kveldens motstandar AK, men har komme til Varfjell frå høvesvis Guard og Ellingsøy i år.
Kveldens høgepunkt: Over 100 tilskuarar hadde møtt fram for å støtte laget også denne vindfulle, men elles milde oktoberkvelden. Vårsesongens trenar Odd Hjelvik var mellom dei som kom for å støtte laget, før kampen rakk han også ein liten prat og "lukke til" til avløysarane Kanishi og Onstad.
Neste kamp er borte mot Sunndal før serien blir avslutta heime mot Midsund.
PS: Nedrykket er ikkje 100 prosent stadfesta i kveld. De som er klart er at laget blir nummer 11 i 4. divisjon fordi det er umogleg å ta att Malmefjorden som har sju poeng meir med to kampar att å spele. Siste mikroskopiske håp som er att er at anten KBK 2 eller Surnadal vinn alle sine fire siste kampar samtidig som Kvik taper alle sine i 3. divisjon. I tillegg må Nordmøre og Romsdals representant slå sunnmøringane i kvaliken til 3. divisjon.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Averøykameratene 0-5 (0-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 3. oktober 2025 kl 19
Vestnes idrettspark, 110 tilskuarar
Mål:
0-1 (9) Ola Gundersen Hoset
0-2 (54) Joakim Gundersen Hoset
0-3 (56) Markus Lyse Skarvøy
0-4 (69) Vebjørn Folland
0-5 (88) Jakub Adam Panczyk
Dommar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen
Assistentdommarar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden og Lars Emil Engen Ulleland, Skåla
Gult kort:
Vestnes Varfjell (4-5-1): Egil Dalhaug (K); Torstein Væge Nekstad (Jo Sigurd Vold 67.), Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Håkon Ødegård Kjørvik (Magnus Skorgen Søraas 67.) - Odd Johann Ludviksen (William Pedersen Hjelvik 46.), Vegard Ellingseter (Vegar Skare 46.), Sverre Lindset, Leo Krogseth (Ole Håkon Heen Lien 68.). John Christian Ludviksen (Andreas Hole 77.) - Knut Stian Eik (Elling Olafsen 77.)