Med A-lagets kamp mot utsett grunna rasfare i Sunndal. vart det kamp berre for Måndalen/Vestnes Varfjell 2 denne laurdagen. Dei spelte borte mot Molde 3 og trengte potensielt eitt poeng for å berge plassen i 5. divisjon.
Laget tok ei tidleg leiing på eit velplassert skot frå Kristoffer Nikolaisen (?). "Coaching i verdensklasse" om dette held heilt inn, meinte vikarierande trenar Ole Håkon Heen Lien. Det heldt nesten til eit Kjetil Rekdal-sitat som overskrift til dette referatet. Heilt på slutten glapp det etter eit "vådeskot" og ein litt uheldig keeper. Tapet fekk uansett ikkje noko å seie med tanke på nedrykk. Det hadde det gjort berre dersom kampen Nordlandet- Kårvåg/Havørn, som også hadde 19 poeng, endte uavgjort. Nordlandet vann 4-1 og dermed må Kårvåg/Havørn håpe at vinnaren av 4. divisjon Nordmøre og Romsdal rykker opp for at dei skal spele i 5. divisjon neste år. Rival og Tomrefjord må ta vegen ned i 6. divisjon.
Måndalen/Vestnes Varfjell 2 kjempa som løver mot eit Molde 3-lag med Makthar Thioune på laget og som før kampen framleis kunne rykke opp. No gjorde Smøla/Aure jobben i sin kamp, så då kan me gratulere dei med plass i neste års 4. divisjon.
I løpet av ettermiddagen vart det også klart at KBK 2 rykker ned frå 3. divisjon. Dei vann 3-2 borte mot Surnadal, som alt var klare for nedrykk, men det hjalp ikkje så lenge Kvik vann sin kamp. Dermed tar dei med seg Vestnes Varfjell "i fallet" og det blir 5. divisjon i Vestnes idrettspark neste sesong.
Måndalen og Vestnes Varfjell må halde fram utan samarbeid om begge lag skal spele i 5. divisjon.
(I ein tidlegare versjon av saka sto det at det var uklart om Frei, som trekte seg frå 4. divisjon, får spele i 5. divisjon. Fotballkretsen har sendt ut info om at dei må spele i 6. divisjon neste sesong, opplyser ferierande Måndalen-trenar Per Atle Lie. Dermed er det ingen tvil om at Måndalen har berga plassen i 5.divisjon.)
Troppen mot Molde 3:
12 Carlos Felipe Gonzalez
2 Henrik Samseth
4 Mathias Moen Brudeseth (K)
14 Lucas Vold Moen
20 Rudi Talberg Samseth
6 Adrian Voldseth
7 Leo Villa Krogseth
8 Sverre Olgar Lindset
9 Eirik Skar Hurlen
10 Kristoffer Nikolaisen
27 Jon Areas Venås
Innbyttere:
11 Markus Vestad Lyslo
15 Ciljan Pedersen Svendson
16 John Villa Krogseth
18 Ole Håkon Heen Lien
| Lag | K | V | U | T | Mål | Diff | P | |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Smøla/Aure | 18 | 15 | 1 | 2 | 71 - 23 | 48 | 46 |
| 2 | Molde 3 | 18 | 14 | 2 | 2 | 80 - 20 | 60 | 44 |
| 3 | Batnfjord | 18 | 13 | 1 | 4 | 60 - 28 | 32 | 40 |
| 4 | Hjelset-Kleive | 18 | 10 | 3 | 5 | 48 - 34 | 14 | 33 |
| 5 | Nordlandet | 18 | 6 | 4 | 8 | 37 - 51 | −14 | 22 |
| 6 | Dahle 2 | 18 | 6 | 2 | 10 | 44 - 62 | −18 | 20 |
| 7 | Måndalen/Vestnes Varfjell 2 | 18 | 6 | 1 | 11 | 34 - 41 | −7 | 19 |
| 8 | Kårvåg/Havørn 1 | 18 | 5 | 4 | 9 | 46 - 66 | −20 | 19 |
| 9 | Tomrefjord | 18 | 5 | 2 | 11 | 29 - 46 | −17 | 17 |
| 10 | Rival | 18 | 0 | 0 | 18 | 13 - 91 | −78 | 0 |









