{seyretpic id=1013 align=right}Vestnes Varfjell tok leiinga både 1-0 og 2-1, men måtte gje tapt for overmakta midtvegs i andre omgang og tapte til slutt 2-7 mot Træff fredag kveld. Ronny Leikarnes skåra det første og var også involvert i det andre som var sjølmål. For femte gang i går gjekk laget til pause med leiing 1-0 og for femte gang vart det tap til slutt. Meir seinare. Videoar kjem i løpet av kvelden.


Træff starta best og skapte nokre sjansar innleiingsvis, men etter kvart hadde Vestnes Varfjell-forsvaret god kontroll på det som kom. Vestnes Varfjell var sjeldan på visitt i Træff-forsvaret, men etter ein dryg halvtime sendte Ynge Solevågseide avgarde eit langskot med retning krysset.

Det var difor totalt imot spelets gang at Vestnes Varfjell skåra det første målet seks minutt før halvtid. Tommy Kanishi Andreassen la inn til Ørjan Tangen på bakre stolpe. Han heada inn i feltet der ballen fann hovudet til Ronny Leikarnes som heada i mål via stolpen. Like etter kunne Kanishi Andreassen ha auka tl 2-0, men vart hindra i det han skulle skyte og ballen gjekk over. Dermed gjekk dei mørkeblå til pause med leiing 1-0 for femte gong denne sesongen.

Træff skifta innpå to superinnbyttarar i pause, og det var desse som etter kvart skulle snu kampen. Først fekk Kai Røberg vandre aleine langs 16-meterstreken og utlikne med eit skot. Eit minutt etter var Vestnes Varfjell tilbake i leiinga. Kanishi Andreassen sto for forarbeidet, Ronny Leikarnes sto klar til å sette ballen i mål, men fekk hjelp av ein uheldig Træff-back. Like etter vart eit godt langskot frå Kanishi slått til corner av Træff-målvakta. Så var samme mann på eit fantastisk raid der han gjekk forbi fleire, men skotet gjekk dessverre utanfor.

Træff utlikna på eit straffespark som måtte takast to gongar. I situasjonen det vart dømt på sprang Endre Tungehaug på Bjørn-Vegard Løvik. Så var Ørjan Tangen og Yngve Solevågseide usamde om kven som skulle avklare og Træff gjekk fram og skåra 3-2. Derifrå og ut hadde ikkje Vestnes Varfjell meir å stille opp med og Træff fekk ein lett veg mot klar seier 7-2 til slutt.

 

Tommy Kanishi Andreassen var best på Vestnes Varfjell etter vår meining, så lenge kreftene heldt. 


PS: Berre eitt lag var å sjå under oppvarminga på gloheite Reknesbanen. Det viste seg at Træff hadde lagt sine siste kampførebuinga i svalare omgjevnader, innandørs i Træffhallen like ved.  Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier dei ikkje fekk tilbod om det same, men at dette ikkje er noko stor sak så lenge tapet vart såpass klart til slutt.

 

 

Kampfakta

Træff - Vestnes Varfjell 7-2 (0-1)

3. divisjon

Fredag 3. juli 2009 kl 19
Reknesbanen, 50 tilskuarar
Mål:
0-1 (39) Ronny Leikarnes
1-1 (55) Kai Røberg
1-2 (56) sjølmål
2-2 (64) Kritian Fauskanger, straffespark
3-2 (69) Sivert Overå
4-2 (73) Andreas Lønseth
5-2 (75) Lønseth
6-2 (83) Lønseth
7-2 (88) Overå
Dommar: Christina W. Pedersen, Åndalsnes
Gult kort: Bertil Kjørsvik, Træff
Vestnes Varfjell (4-5-1): Arild Mundal, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Bjørn-Vegard Løvik, Simen Brennvik - Karl Arne Stokkeland (Svein Erik Lange Male 84.), Nirut Mjøs, Vegard Ellingseter, Alexander Connor (Jakob Talberg 67.), Tommy Kanishi Andreassen (Martin Lange Sylte 86.) - Ronny Leikarnes.