Elling Olafsen gir Vestnes Varfjell leiinga. (Foto: GK)
0-1 Olafsen
Vestnes Varfjell leia 2-0 etter skåringar av Elling Olafsen ( video) og Tommy Kanishi ( video) og hadde eitt poeng innan rekkevidde ti minutt før slutt mot serieleiar KBK 2 på bortebane måndag kveld. Laget ergrar seg over at tabbemål vart avgjerande, men tar med seg mange gode prestasjonar inn mot botnoppgjeret mot Måndalen fredag. KBK 2 avgjorde til slutt til seier 6-2 etter å ha skåra fire gongar dei siste ti minutta - dei to siste på overtid. Videoar her >> Bildegalleri her>>


- Det er surt å stå att utan poeng i ein kamp der me gjer det meste rett. Me får ta med oss det positive og rette all fokus inn mot kampen mot Måndalen fredag, sa Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor til varfjell.no etter kampen.

For sjette (!) gong på tolv kampar i år gjekk laget til pause med leiing, berre for å stå att utan poeng ein omgang seinare.

Vestnes Varfjell sjokkåpna på kunstgraset i Kristiansund. To angrep gav to mål på tre minutt frå 9. til 11. minutt. Begge gongar stakk spelarar igjennom i bakrommet og skåra aleine med keeper, først Elling Olafsen, så Tommy Kanishi Andreassen. Simen Brennvik var servitør begge gongane.

Seiersvante vertar hadde starta best, men dei to baklengsmåla fekk vertane ut av rytmen samtidig som Vestnes Varfjell fekk sjølvtillit og hadde god kontroll nesten heile resten av omgangen. Det såg ut til at botnlaget skulle gå til pause med 2-0 mot laget i andre enden av tabellen, men fem minutt før kvilen var vikarmålvakt Svale Leren uheldig og slapp inn eit laust skot.

Betre vart det ikkje då KBK 2 fekk nok eit lettkjøpt mål på eit skot like etter pause og laga var like langt. KBK 2 trudde nok at dei skulle få lett spel vidare og satsa på skot, men Leren gjorde opp for tidlegare tabber med fleire fine redningar, mellom ann ei flott eihandsredning på eit skot frå Bjørnar Bugge.

KBK 2 hadde ballen mest, men Vestnes Varfjell fekk sine sjansar på kontringar. Den største kom etter ein time då Ronny Leikarnes kom på skothald, men berre traff nettveggen. I denne situasjonen let dommaren spelet gå vidare sjølv om linjemannen vinka for offisde fordi pasninga kom via motspelar. Leikarnes, som jaktar seriemål nummer 300, var frampå også ti minutt etter, men det ville seg ikkje denne kvelden.

KBK 2 hadde missa på klare sjansar tidlegare i kampen, men etter 81 minutt skjer det utrulege at dei greier å skru ein corner direkte i mål. Like etterpå får dei straffe som dei skårer på. Nirut Mjøs hekta ein KBK 2-spelar, men var det innanfor 16-meteren? Uansett 4-2 og no må Vestnes Varfjell satse alt framover for å få med seg eitt poeng. Simen Brennvik har to sjansar til å redusere, men på overtid er det i staden heimelaget som skårar igjen. Først eit fint langskot i krysset, så eit gjennomspel.

Bjørn-Vegard Løvik var best på Vestnes Varfjell. God var også midstopparmakker Nirut Mjøs og Yngve Solevågseide i si rolle som defensivt midtbaneanker.

Kristiansund BK 2 - Vestnes Varfjell 6-2
Pause: 0-2
Seriekamp 3. divisjon
Måndag 3. august 2009 kl 19
Kristiansund idrettsplass
65 tilskuarar
0-1 (9) Elling Olafsen
0-2 (11) Tommy Kanishi Andreassen
1-2 (40)
2-2 (47)
3-2 (81)
4-2 (84) straffespark
5-2 (90 + 1)
62 (90 + 2)
Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord
Gult kort: Eitt til KBK 2
Laget: Svale Leren; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Simon Brennvik, Elling Olafsen (Alexander Connor 76.), Yngve Solevågseide, Vegard Ellingseter, Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes