Svein Erik Lange Male utlikna til 2-2 medan målvakt Egil Dalhaug heldt laget inne i kampen med fleire gode redningar.

(Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-2) Vestnes Varfjell sleit lenge borte mot topplaget Elnesvågen, men kjempa seg tilbake i kampen i andre omgang.  Magnus Nerheim og Svein Erik Lange Male utlikna kvar sin gong og sørga for at eitt poeng vart med heim til Vestnes.


- Eir kjærkome poeng som eg synest me fortener etter andreomgangen, seier Varfjell-trenar Alexander Connor etter kampen.

Han kårar igjen kaptein Amund Stavem som "kampens gigant" og rosar heile laget for å ikkje gje opp.

Vestnes Varfjell opna kampen bra, men heimelaget tok etter kvart over. Dei fann kvarandre betre med pasningane og var også flinkare ein mot ein. 1-0 kom på eit skot frå 25 meter rett i krysset. Heimelaget rulla opp fleire gode angrep Egil Dalhaug måtte i aksjon fleire gongar. Den unge målvakta har æren for at det berre sto 1-0 ved pause.

Vestnes Varfjell skapte lite før pause, og måtte også klare seg uten ein skadd Tommy Kanishi etter ein dryg halvtime. Eit par frispark i farleg posisjon, ein corner der ballen gjekk gjennom feltet utan at nokon fekk beinet på den og eit skot over av Leo Krogseth var det einaste me noterte.

Elnesvågen heldt fram presset også i første del av andre omgang, men anten skaut dei over eller så var Dalhaug der og redda. Etter kvart kom Vestnes Varfjell betre med og då kvarteret var spelt kom Magnus Nerheim igjennom etter framspel av Noah Johansen. Dermed sto det 1-1. 

Sju minutt seinare var heimelaget i føringa att etter eit langskot som sneik seg inn ved stolpen. Elnesvågen har mange juniorarar som spelte kamp i 2. runde av NM kvelden før (tap 1-3 mot Molde), og kanskje merka dei no det harde kampprogrammet. I alle fall kom Vestnes Varfjell, som også gjorde fleire kloke bytter, med ein solid sluttspurt.

Noah Johansen kom aleine med keeper like etter at Elnesvågen tok leiinga, men keeper redda. Eirik Tomren heada over på den påfølgande corneren. Så avslutta Amund Stavem med eit skot som strauk bortre stolpe. Eit innlegg/skot vart såvidt fista over av Elnesvågen-målvakta. Utlikinga "låg i lufta" og då klokka tikka mot 90 minutt sat den endeleg. Amund Stavem la inn til Elling Olafsen som heada vidare  ein stikkar til Svein Erik Lange Male som sette ballen forbi keeper til 2-2 frå kloss hald.

Jubel for utlikning til 2-2 rett før full tid.

Dermed sikra laget seg eit etterlengta poeng. Alle dei sju poenga laget har tatt i år har kome på grasbane og på bortebane. 

Komande fredag kjem Dahle på besøk.

 

KAMPFAKTA

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-2 (1-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 31. mai 2024 kl 19

Elnesvågen stadion, 90 tilskuarar (7-8 Vestnes)

Mål:

1-0 (13) Robin-Alexander Lemke Bergseth

1-1 (61) Magnus Nerheim

2-1 (68) Per Ole Eidsæter Tveraas

2-2 (90) Svein Erik Lange Male

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden. Assistentdommarar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden og Johannes Dahlberg, Frei

Gult kort: Elias Røkke Hagvold, Elnesvågen (58)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug; Simon Kjørvik (Håkon Kjørvik 81.), Cédrik Andreassen (Svein Erik Lange Male 46.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim (Arjan Sylte 80.) - Amund Stavem (k), Glenn Stenødegård (Didrik Sæter 46), Tommy Kanishi Andreassen (Eirik Leao Tomren 33.) - Noah Johansen, Knut Stian Eik (Leo Krogseth 80.), Leo Krogseth (EllIng Olafsen 62.)

Tor-Bjarne Løvik Salte helsar på slekt og vener etter kampen: Jon-Birger Løvik (f.h) og dei tidlegare Varfjell-spelarane Jardar Sylte og Jarle Løvik Salte var mellom dei 7-8 som heie på  bortelaget på tribuna laga av Salthammer på Vestnes.