Adrian Kosinski skåra eitt av måla. Her frå kampen mot Molde 2 tirsdag. (Foto: Kay Søreng)

Det vart skåra mange mål då Vestnes Varfjell tok imot Norborg/Brattvåg 2 til treningskamp i Vestnes idrettspark torsdag kveld. Gjestane vann 4-3. Adrian Kosinski, Oliver Connor Søreng og Dag Maier skåra for heimelaget som spelte sin andre kamp på tre dagar.

Stillinga ved pause var 1-1. Gjestana gjekk opp i 3-1 i andre omgang før heimelaget kom sterkare tilbake.

Snæværet tok ein pause slik at det kunne spelast  kamp, men gradestokken kraup ned mot minus 10 denne fine mars-kvelden.

Tre spelarar frå G16 var i aksjon. Noah Johansen debuterte tirsdag, denne kvelden fekk Sverre Lindset og Leon Botnvik sine første minutt på A-laget.

Norborg om kampen.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell – Norborg/Brattvåg 2 3-4 (1-1)
Treningskamp, 9. mars 2023 kl 19

Vestnes idrettspark, 30 tilskuarar

Mål:
1-0 Adrian Kosinski (22)
1-1 Tobias Jensen (34)
1-2 Thomas Aarsund (str. 49)
1-3 Thomas Aarsund (56)
2-3 Oliver Connor Søreng (67)
3-3 Dag Maier (80)
3-4 Robert Dulgheru (82)

Lagoppstilling: 

Owen Connor (Egil Dalhaug 45m) - Lucas Pedersen Våge, Svein Erik Lange Male (Arjan Furland Sylte 45m) - Ørjan Tangen (Sverre Lindset debutant 80min) - Håkon Kjørvik (Dag Maier 55min), Vegar Skare - Oliver Connor Søreng - Magnus Nerheim (Noah Johansen 45m), Leo Krogseth - Adrian Kosinski (Leon Botnvik 70min debutant)- Juan Richard Larsen