Noah Johansen
Noah Johansen skåra i sin første kamp på A-laget. (Foto: Kay Søreng)

Noah Johansen (16) i sin første kamp for A-laget då Vestnes Varfjell tapte klart mot 3.-divisjonslaget Molde 2 på Aker stadion tirsdag kveld.

Gutelagsspelaren kom innpå i andre omgang og markerte seg straks med ei vakker heading  i mål etter eit flott angrep. 

Det vart med det eine trøstemålet for Vestnes Varfjell. Rekruttane til Norges beste lag i fjor gav seg ikkje før det sto 10-1 på tavla. Kampen vart gjennomført trass i at snøen til tider lava ned.

— Det vart ein tøff kamp med ei redusert tropp og under vanskelige speleforhold mot eit godt MFK-lag, seier trenar Alexander Connor til Varfjell.no.

— Kjekt at A-debutant Noah skåra, legg han til.

Alt torsdag er det ny treningskamp, mot Norborg/Brattvåg 2. Denne var først sett opp i Søvika, men blir no spelt på Vestnes.

Laget mot Molde 2 (4-3-3): Owen Connor (Egil Dalhaug 60), Lucas Pedersen Våge, Håkon Kjørvik (Arjan Sylte 70), Dag Maier (Magnus Nerheim 45),  Svein Erik Lange Male — Oliver Connor Søreng, Amund Stavem - Leo Krogseth (Noah Johansen 65) - Adrian Kosinski, Juan Richard Larsen, Tor Bjarne Løvik Salte 

Bilde frå kampen under. Foto: Kay Søreng

a-debutnoahjohansenvsmfk2
a-debutnoahjohansenvsmfk2
mfk2023-
mfk2023-
mfk2024-
mfk2024-
mfk2025-
mfk2025-
mfk2026-
mfk2026-
mfk2027-
mfk2027-
mfk2028-
mfk2028-
mfk2029-
mfk2029-
mfk2030-
mfk2030-
mfk2031-
mfk2031-
mfk2032-
mfk2032-
mfk2033-
mfk2033-
mfk2034-
mfk2034-
mfk2035-
mfk2035-