1-0 ved Elling Olafsen på straffespark.

(Vestnes Varfjell - FCK 2-3) Vestnes Varfjell tok leiinga på straffe ved Elling Olfsen før pause, men to headingar i andre omgang snudde kampen i favør FCK. Gjestane fekk også ein mann utvist etter 72 minutt, men kontra likevel inn 1-3. Heilt på slutten reduserte Ørjan Tangen til 2-3, men fleire mål vart det ikkje.


Nypprykka Fotballklubben Clausenengen Kristiansund (FCK) er eit resultat av ein sammanslåing av tradisjonsrike KFK og CFK. Dei har samarbeida lenge og kom til Vestnes med eit ungt og fintspelande lag. I første omgang hadde dei ballen mest mot eit heimelag som sleit med pasningsspelet og sjeldan greidde å etablere noko famover. 

Noah Johansen vart felt.

Nokre farlege tilløp var det likevel, og etter 18 minutt vart Noah Johansen stoppa på veg igjennom, Dermed straffe til heimelaget som spisskollega Elling Olfsen sette sikkert i mål ute ved høgre stolpe, akkurat utanfor keepers rekkevidde sjølv om han slengte seg rett veg.

Etter ein halvtime var det FCK som ropte på straffe, men kampens gode dommar Adrian Bratli vinka spelet vidare. I andre enden kunne Tommy Kanishi ha auka til 2-0, men skotforsøket gjekk like utanfor. FCK hadde omgangens siste sjanse då Varfjell-målvakt Egil Dalhaug måtte i aksjon for å redde eit godt frispark-forsøk. 1-0 ved halv tid.

Den gode midtstopparen Vegard Ellingseter kom ikkje på bana til andre omgang grunna skade, og heimelaget måtte gjere endringar i dei bakre rekker. Omgangen var berre nokre få minutt gammal då FCK kom rundt på kanten og Teodor Stene kunne heade inn utlikninga. 

Begge lag våga meir framover i andre omgang og det var heilt ope kven som ville få det neste målet. Tommy Kanishi tredde ballen igjennom til Noah Johansen etter timen, men FCK-keeper Vladimir Gjengedal fekk rydde unna i siste liten. Same mann varta opp med ei feberredning like etter då Amund Stavem la inn og Elling Olafsen heada mot mål. Også den påfølgande corneren vart farleg, men Cédrik Andreassen heada utanfor frå bakre stolpe.

Der heimelaget bomma med hovudet, skåra FCK. Teodor Stene vart tomålsskårar då han fekk gå opp uforstyrra etter ein corner. Sigurd Utne gløymde tydelegvis at han alt hadde gult kort då han sparka bort ballen etter ei offside-avblåsing. Dermed måtte gjestane spele dei siste 20 minutta med ein mann mindre. 

Heimelaget tok naturleg nok over initiativet i kampen no, men gjestane var farlege på kontringar. Etter 83 minutt tok dei,eit frispark raskt og Filip Flemmen auka til 1-3 på eit knallhardt skot i keepers lengste hjørne. 

Vestnes Varfjell sette inn ein desperat sluttspurt. Innbyttar Didrik Sæter skaut like over via keeper. Så fann lagets bestmann, Tommy Kanishi, bursdagsbarnet Ørjan Tangen framom mål etter den påfølgende corneren. Han fekk styrt ballen inn frå kloss hald 2-3, og enno litt tid igjen. Heimelaget kasta alt framover, Kanishi fann Simon Kjørvik på veg igjennom to minutt på overtid, men FCK redda seg unna og redda dermed også alle tre poenga.

I overkant av 100 tilskuarar rusla skuffa heim i det sure vårværet.

Malmefjorden borte er neste kamp. 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - FCK 2-3 (1-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 19. april 2024 kl 19

Vestnes idrettspark, 105 tilskuarar

Mål:

1-0 (19) Elling Olafsen, straffespark

1-1 (49) Teodor Stene

1-2 (70) Teodor Stene

1-3 (83) Filip Flemmen

2-3 (90) Ørjan Tangen

Dommar: Adrian Bratli, Elnesvågen. Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Lars Emil Ulleland, Skåla

Raudt kort: Sigurd Utne, FCK (72), to gule. Gult kort: Sigurd Utne (7), Hart Hamoudi (59), Arian Ulseth (77), alle FCK

Vestnes Varfjell (3-5-2): Egil Dalhaug: Cédric Ronnie Hellström Andreassen, Vegard Storsæter Ellingseter (Didrik Selnes Sæter 46.), Ørjan Tangen, - Simon Ødegård Kjørvik,  Amund Stavem (K) (Lars-Helge Lien 81.), Tommy Kanishi Andreassen, Leo Villa Krogseth (Eirik Leao Tomren 62.) Lucas Pedersen Våge - Elling Furland Olafsen (Svein Erik Lange Male 81.), Noah Johannes Johansen