(Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 2-3) To skåringar imot rett etter pause øydela for Vestnes Varfjell som hadde ein god sjanse til å sikre seg livsviktige poeng.
Sjå alle skåringane i VarfjellTV:
Samandrag her:
I staden vart det som så ofte før denne sesongen: Laget slepp inn for mange mål, gjerne etter personlege feil. Då blir det vanskeleg å vinne fotballkampar.
I øsande regnver hadde heimelaget eit visst initiativ før pause, utan at dei store sjansane vart skapt. Oscar Misfjord sendte eit skot over frå fin posisjon etter innlegg frå Lars-Helge Lien etter kvarteret. Ti minutt seinare sto det 0-1. Owen Connor redda det første forsøket, men på returen var Jørgen Vassbø æ, tilbake i Eide til haustsesongen, først og sette ballen i mål.
Elling Olafsen, som spelte sin kamp nummer 300, hadde ein gode sjanse til å utlikne etter 37 minutt, men eit Eide-bein kom i vegen. Så fekk Eide straffespark etter at Connor felte ein spelar å veg igjennom. Idar Vangen Lysgård sette straffen i tverrliggaren og over.
I staden for 0-2 kunne heimelaget utlikne på overtid i første omgang. Svein Erik Lange Male raga som vanleg høgast og heada ballen i mål etter eit frispark-innlegg frå Oscar Rekdal Misfjord.
Det skulle normalt gje eit lite psykologisk overtak før andre omgang, men det var Ole Bjørn Sungodts gutar som starta best. På ein innlegg gjekk det galt. Keeper kolliderte med eigen spelar og vart snappa opp av Jørgen Vassbø som sette inn sitt andre mål for kvelden. Og ikkje nok med det: Rett etter avspark var Varfjell-forsvaret på gyngande grunn igjen etter eit balltap på midten og Idar Vangen Lysgård kunne gjere opp for straffebommen då han lobba ballen i ope mål.
Ein brutal kalddusj for heimelaget, og då tenker me ikkje på regnet som bokstavleg talt dundra ned. Elling Olafsen skapte ny spenning i kampen då han reduserte på eit skot frå skrått hald etter timen, og frå då og resten av kampen vart det ein desperat kamp for utlikning. Laget kjempa på alt dei kunne og både Tommy Kanishi og Amund Stavem hadde skotforsøk, men Eide-forsvaret sto imot alle forsøk. Innbyttar Eirik Tomren var aleine med keeper, men flagget var oppe. Dommar la til mykje grunna mange skadestopp, men kampen ebba ut med seier til bortelaget.
Ein illustrasjon på at dette Varfjell-laget er villige til å gje alt for å berge plassen fekk med sjå i Tor-Bjarne Løvik Salte som kom rett frå tremilsmarsj i forsvaret. Han spelte så lenge kreftene heldt.
Dessverre har også Varfjell ein lang veg å gå før plassen i årets 4. divisjon er sikra. Det er mange poeng å kjempe for enno, og når laget sluttar å sleppe inn for enkle mål, vil poenga komme. Det er i alle fall håpet, og det er om kjent det siste som døyr.
Også dei andre laga i botnen tapte fredag, så det status quo nederst på tabellen. No er det ei spelefri helg i 4. divisjon før nabo Tomrefjord kjem på besøk til eit durabeleg botnoppgjer om fjorten dagar.
Publikum fortener også å bli nemnt etter fredagens kamp. Me talte rundt 130 sjeler under paraplyane, deriblant mange som hadde tatt turen frå Eide.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 2-3 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 30. august 2024 kl 19
Vestnes idrettspark, 130 tilskuarar
Mål:
0-1 (25) Jørgen Iversen Vassbø
1-1 (45) Svein Erik Lange Male
1-2 (48) Jørgen Iversen Vassbø
1-3 (49) Idar Vangen Lysgård
2-3 (60) Elling Olafsen
Gult kort: Ole Håkon Heen Lien, Owen Hjelme Connor og Magnus Nerheim, Vestnes Varfjell. Henrik Krakeli Moen og Joakim Sæther Kirkeland, Eide.
Dommar: Eirik Hyldbakk Furu (Fotballklubben Clausenengen Kristiansund)
Ass.dommar 1: Johannes Dahlberg (Frei Fotballklubb)
Ass.dommar 2: Mikael Oppedal (Frei Fotballklubb)
Vestnes Varfjell (4-3-3):
1 Owen Hjelme Connor
17 Leo Villa Krogseth
95 Tor-Bjarne Løvik Salte
23 Svein Erik Lange Male
66 Lars-Helge Lien
10 Amund Stavem (k)
15 Oscar Rekdal Misfjord
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Elling Furland Olafsen
14 Knut Stian Eik
9 Magnus Nerheim
Innbyttarar:
16 Ole Håkon Heen Lien 86. min for Nerheim
18 Eirik Leao Tomren 75. min for Olafsen
24 Didrik Selnes Sæter 83. min for Eik
27 Amandus Utgård Andreassen 57. for Salte