- Det var til tider bra spel og eg er fornøgd med kampen, særleg med tanke på at me har 5-6 spelarar i bakhand som ikkje kunne vere med i dag. Problemet er at me ikkje skaper nok sjansar, det stoppar litt opp på 16-meteren, sa spelande trenar Connor etter kampen.
{seyretpic id=844 align=right}Langevåg tok leiinga alt etter fem minutt i duskregn og fem varmegrader i Vestnes idrettspark. Lite skjedde i resten av omgangen, men heimelaget hadde nokre nestensjansar.
Connor la om formasjonen etter kvilen og sette etter ei stund også innpå seg sjølv. Vestnes Varfjell festa eit grep om kampen og skapte etter kvart også sjansar. Tommy Kanishi Andreassen skaut på keeper etter eit raid. Så var Karl Arne Stokkeland frampå etter ein retur på eit Ørjan Tangen-skot, Nære på var det også då Connor kombinerte med Stokkeland som skaut godt, men ei god redning hindra skåring.
Typisk for kampen var det at utlikninga kom etter at Langevåg-keeper sette eit utspel i ryggen på Elling Olafsen som takka med å sette ballen i mål.
Gjestane frå 3. divisjon Sunnmøre spelte sin første treningskamp for året. Dei spelte seg litt opp mot slutten, men hadde elles lite å by på etter pause.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Langevåg 1-1
Pause: 0-1
Treningskamp
Vestnes idrettspark
Fredag 13. mars 2009 kl 19.30
Tilskuarar: 25
Mål:
0-1 Andreas Havnegjerde (5)
1-1 Elling Olafsen (75)
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Gult kort: Tommy Kanishi Andreassen (61) og Vegard Ellingseter (90), Vestnes Varfjell, eit til Langevåg
Vestnes Varfjell (4-3-3/4-4-2): Arild Mundal (Svale Leren 46.), Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Martin Lange Sylte - Vegard Ellingseter, Karl Arne Stokkeland, Jørgen Gravdehaug (Alexander Connor 70.) - Elling Olafsen, Tarjei Bjermeland (Svein Erik Lange Male), Tommy Kanishi Andreassen (Tarjei Bjermeland 65.).