Meldinga om denne konserten har gått på alle dei store fotballnettsidene i dag. Til 100 % fotball seier vestnesingen at det er ei ære å spele på ein slik stad som hos bymisjonen.
- Dette var utroleg gøy og eit topp initiativ. Eg er utrolig beæra over at med fekk lov å opptre på ein stad som forfektar slike verdiar som Kirkens Bymisjon gjer, seier frontfigur Hulsker.
Noverende og tidlegare lagkamerater utgjer resten av bandet. Det er Morten Hæstad, Kjetil Kamark, Joey Hardarson og Lars Martin Engedal. Dei spelte første gong under ein fest på Sør Arena, og er no opne for nye oppdrag.
- Det var såpass gøy at me gjer det gjerne igjen, seier Hulsker.
Dei som huskar tilbake vil minnest at Bernt også viste musikalsk kvalitet saman med Amund Skiri då Vålerenga tok gull i 2005.