Johnny Nerbø slik han såg ut for 10 år sidan.
1998: Johnny Nerbø
Johnny Nerbø er klar, medan Bernt Hulsker slit med ein skade og er usikker til laurdagens 10-årsjubileums-kamp mellom Vestnes Varfjell 1998 og Vestnes Varfjell 2008. Trenar for 1998-laget, Geir Åge Sylte, har fått ja frå 14 spelarar. Samtidig er vêrutsiktene ikkje dei beste for laurdagen. Sylte opplyser at brøyateren er sett i beredskap. Vestneshallen er reserverarena, då med futsal som alternativ til kamp på full bane.


Kampen går klokka 15.00 laurdag. Mellom spelarar som er usikre frå 1998-laget finn me også Bjørn-Vegard Løvik. Han kunne ha spelt for begge lag. Også Alexander Connor og Ronny Leikarnes kan spele for begge lag, men her har 1998-laget førsteretten.

Også fylkesfinalen i junior fredag og helgas byseriekampar er i fare på grunn av snøfallet.


Sjekk vêrvarsel her >>

Slik ser bana ut akkurat no >>