Vestnes Varfjell 2 spelte sin første kamp etter ferien då laget tok imot Isfjorden/ÅIF 2 laurdag. Gjestane frå Rauma vann 4-1 etter at stilliga ved pause for 0-1. VVIL 2 reduserte på eit sjølvmål på overtid og hadde like før det også eit skot i tverrliggaren frå Oddgeir Vikås. Vertane hang bra med dei første 20 minutta, men så vart det tydelegare og tydelegare kva lag som var best trent. Fleire spelarar måtte også gje seg med skadar. Alt måndag er det ny kamp, då kjem dei gamle MFK-stjernene frå MFK 5 på besøk.
Tabellen |
Videoar frå kampen i VarfjellTV