Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor var alt anna enn imponert over å ha tapt 1-2 mot eit Bryn-lag som spelte slutten av andre omgang med 9 mann. - Dette må vere den svakaste forestillinga vi har levert på mange år, seier han til Bygdebladet onsdag. - Vi var rett og slett dårlege, og kan ikkje skulde på andre enn oss sjølv, seier Connor og legg til:
- Innstillinga mangla frå første spark på ballen, og sjølv ikkje i fjerdedivisjon nyttar det å vere god med ball utan å yte noko om ein vil vinne. Det er mykje som må rettast på til neste kamp mot Rival borte, slår han fast.
Connor starta sjølv på benken, men sette seg sjølv innpå i sluttminutta. Vestnes Varfjell pressa på for utlikning, men lukkast ikkje. Bryn fekk ein spelar utvist med ein halvtime att å spele og ytterlegare ein då det var eit kvarter att.