Fleire med Vestnes Varfjell-tilknyting står på listene når veljarane i dag skal avgjere korleis kommunestyret i Vestnes skal sjå ut dei neste fire åra. Mellom dei som satsar på ein plass i startoppstillinga til kommunestyret er Vestnes Varfjell-midtstoppar Anders Jørn Neraas. Bonden trivst best som senterhalf, og dermed var Senterpartiet eit naturleg val. Hegreberget-leiar Martin Kjøpstad stiller for Høgre-berget, det same gjer Varfjellsong-tekstforfattar Johan Hjelvik og handballeiar Joar Kirkeslett. Men også andre "kjenningar" er å finne på listene.
Oddgeir Vikås trivst fremst som spiss, og sjølv om det neppe var noko framsteg å gå til Måndalen, stiller han i angrepet for Framstegspartiet.
I Ap finn me æresmedlem og dugnadsgeneral major Birger Lilleheim (80 sist torsdag, gratulerer!), medan klubbleiar Kai Magne Stokkeland som tidlegare målvakt trivst best som bakerste mann, sist på lista.
På Venstre-kanten gjer tidlegare Varfjell-formann og -trenar Torstein Tjelle comeback, det same gjer tidlegare Vestnes Turn- og IL-leiar Torgeir Stene.
Romsdals Budstikke har oversikt over alle vallistene her>>
Godt val!