Sjølv om det etter kvart vart eit klart tap, har Vestnes Varfjell all grunn til på vere fornøgd med innsatsen i kampen. Laget mønstra eit bortimot rekordungt mannskap med ein 15-åring, to 16-åringar og to 17-åringar. Dei to gutespelarane Karl Arne Stokkeland (16) og Simen Brennvik (15) var til tider respektlause mot sterke Træff-spelarar, medan målvakt Marius Sivertsen (16) hadde fleire fine redningar som hindra fleire Træff-mål.
Klikk på eit bilde for |
Træff opna klart best, men greide ikkje å følgje opp den tidlege skåringa. Utlikninga kom etter eit langt overlegg frå Ørjan Tangen, som Jakob Talberg først heada mot mål før Ronny Leikarnes var på rett plass og sette inn 1-1. Yngve Solevågseide var uheldig å forårsake straffen, som Sivertsen ikkje hadde sjanse til å ta. 3-1 like etter kom på eit kontant skot etter at forsvaret ikkje fekk avklart. 4-1 målet kom på eit fint framspel, der ein Træff-spelar kom bakfrå og aleine med Varfjell-målvakta.
Vestnes Varfjell hadde nokre forsøk utanom målet, men ingen store målsjansar. Det næraste laget vel kom redusering var då Leikarnes kom fri mot slutten, men skotet vart for laust og gjekk rett på keeper. Heile laget fortener honnør for god innsats, som det heiter. Torkil Valle Karlsrud debuterte frå start, og spelte godt som midtstoppar. Østfoldingen, som kjem frå Sprint-Jeløy i Moss, har besteforeldre frå Tresfjord og er nevø av den tidlegare Varfjell-spelaren Rune Valle.
Træff er forsterka i serieinnspurten med mellom andre Øyvind Gram frå MFK, men den snart AaFK-klare spelaren utmerka seg berre med eit gult kort som nesten hadde blitt til to, og vart tatt av ved pause.
Kampen var flytta frå Molde idrettspark på grunn av regnveret dei siste dagane. Vestnes Varfjell hadde forfall frå Tommy Kanishi Andreassen (skadd), Per Kristian Os Nakken (skadd), Bjørn-Vegard Løvik (forretningsreise), Anders Jørn Neraas og Tore Akselsen (ferie), men har ei stor stall og erstattarane greide seg godt.
Laget held seg på trygg grunn trass i tapet, fordi Surnadal tapte 1-2 i sin kamp mot Elnesvågen. Elnesvågen gjestar Vestnes idrettspark fredag. Andre kampar i 3. divisjon i dag: KFK - Rival 4-3, Måndalen - Midsund 4-2.
Kampfakta:
Træff- Vestnes Varfjel 4-1 (1-1)
Molde kgb, 55 tilskuarar
Mål:
1-0 (8) Thomas Flemmen
1-1 (41) Ronny Leikarnes
2-1 (48) Ole Jakob Strandhagen, straffespark
3-1 (50) Strandhagen
4-1 (85) Bertil Kjørsvik
Dommar: Henning Sunde, MFK
Gult kort: Øyvind Gram og Stian Eriksrud, Træff
Laget: Marius Sivertsen, Ørjan Tangen, Torkil Valle Karlsrud, Yngve Solevågseide, Nirut Mjøs (Elling Olafsen 73) - Tarjei Rypdal Eide, Alexander Connor, Karl Arne Stokkeland, Jakob Talberg, Simen Brennvik - Ronny Leikarnes