David Sissoko og Daniel Gravdehaug takkar kvarandre for kampen.

Det var duka for eit aldri så lite Vestnes-møte då Træff møtte Notodden i 2. divisjon PostNord-ligaen søndag.

To spelarar som starta karrieren i Vestnes Varfjell spelte på kvart sitt lag. David Sissoko utlikna for Notodden med ein susar på heil volley. Han hadde også ein ball til inne, men vart avvinka for offside. Daniel Gravdehaug fekk spele den siste halvtimen som innbyttar der Træff pressa på for eit vinnarmål, men kampen endte 1-1.

David Sissoko blir gratulert etter 1-1-målet.

2. divisjon avdeling 1 er som kjent "Vestnes-avdelinga". For nokre runder sidan var Fredrik Bergslid gjest på Reknesbanen som målvakt for Lysekloster. Owen Connor var i troppen til Brattvåg som reservemålvakt då laget slo Pors laurdag.

Fredrik Sivertsen Bergslid.