Frå fjorårets møte mellom laga.

Sunndal står på andre banehalvdel i det som er siste heimekamp i vårsesongen. Her er det berre å møte opp for å støtte laget!

Det blir ein kamp mellom to lag langt nede på tabellen. Gjestane, som har styrka laget i sommar, fekk seg ein opptur då dei slo Åndalsnes 1-0 sist. Dermed passerte dei også Vestnes Varfjell på tabellen.

Vestnes Varfjell måtte tole eit nytt eittmålstap borte mot AK og treng ein ny seier snart no. Det er kort veg oppover på tabellen så tre poeng kan gje laget eit byks.

Fredag før kampen blir det  opningsfest i Nordenden med intern turnering for klubbens 5-, 6- og 7-åringar. Rundt  70 unge fotballspelarar til saman vil delta. Dette skjer frå klokka 16.30-18.30, opplyser Pål Magne Bjørdalsbakke i fotballgruppa. A-kampen startar klokka 19.00, så her der det muleg å få med seg begge deler!