Heimesida til Vestnes Varfjell kom på ein fin 3. plass i kåringa av landets nettsider som nettportalen Sportsweb.as gjennomfører kvart år.


Kåringa vart gjennomført ved at 10 finalistar frå landets breiddeklubbar gav stemmer til kvarandre, i tillegg til ein fagjury. Berre tre sider fekk poeng frå kvar klubb, høvesvis 3, 6 og 10. To av dei andre finalistane (Eidsvold og Åkrene) gav Varfjell.no toppkarakter og 10 poeng. Totalt fekk Varfjell.no 29 poeng.

 

Det var mange gode sider, noko også den spredte poenggivinga vitnar om. Eidsvold Turn var likevel suverene med 64 poeng og vann for tredje året på rad. Mandalskamaratene kom på andreplass med 35 poeng.

Vestnes Varfjell-sidene kom på delt 4. plass i tilsvarande kåring i fjor.

Heile kåringa her >>