På eit spelarmøte for juniorar torsdag kveld kom det fram at det er størst interesse for å stille eit reint juniorlag i 1. divisjon komande sesong. - For å få til dette må me ha ein stamme på rundt 16 reine juniorspelarar. På møtet var det 11 spelarar, inkludert to som alt er etablert på A-laget, seier sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no. Det kan uansett vere aktuelt å melde på eit lag til juniorcupen.

 

Her går fristen ut i desse dagar med tanke på kvalifiseringskampar i vinter. Alternativet til lag i 1. divisjon junior er B-lag i 5. divisjon som i år. Spel i 2. divisjon junior er minst aktuelt. Her er nivået dårleg og det kan gje lengre reiser.

 

- Det er no på mange måtar opp til spelarane sjølve kva som skjer vidare. Dei som ivrar for reint juniorlag må få med seg fleire spelarar. Å melde på eit lag med for tynt spelargrunnlag blir ikkje aktuelt. Då er det lettare å organisere eit lag i 5. divisjon fordi ein der har heile A-stallen å støtte seg på, seier Geir Åge Sylte.

Seniorane hadde spelarmøte etterpå. Rundt 25 spelarar deltok på dei to spelarmøta, der det også vart gjort ei evaluering av årets sesong.