Gudmund Sylte (tv) og Einar Helge Brennvik i kampen mot KFK (Foto: Asbjørn Vik)
Sylte og Brennvik
Einar Helge Brennvik og Gudmund Sylte held fram som oppmenn for A-laget til Vestnes Varfjell også i 2009, opplyser sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no. Samtidig har det kome ønske om å få inn ein tredje person til å dele på denne oppgåva. I tillegg til oppmennene har Alec Connor vore ein del av støtteapparatet som "konsulent" for spelande trenar Alexander Connor. Connor har som kjent trenarkontrakt også for neste sesong.

 

Avklaringa kring støtteapparatet kom på eit spelarmøte for A-laget torsdag kveld. Rundt 25 spelarar var møtt fram. I tillegg til litt info om neste sesong vart det på møtet gjort eit evaluering av 2008-sesongen.