Vestnes Varfjell tek velfortent sommarferie i 4. divisjon etter at laget vann heile 5-1 borte mot Frei torsdag kveld. Frei tok leiinga, men Vestnes Varfjell utlikna på straffe ved Svein Erik Lange Male. 1-1 sto seg til pause. Etter kvilen var Vestnes Varfjell klart best og putta heile fire gongar; to ved Elling Olafsen, eitt av Azim Ahmadi og det siste på overtid ved innbyttar Jørgen Hovde. - Ein svært viktig seier, der me hadde god kontroll og fekk det overraskande lett, seier spelande trenar Alexander Connor. No håpar han at Vestnes Varfjell skal bli eit haustlag, noko laget ikkje har vore dei siste åra. - Det er på tide å snu trenden og starte klatringa på tabellen. Hadde me hatt litt meir killerinstinkt i laget tidlegare i vårsesongen, hadde me ligge langt betre an allereie, trur han. Bestemannsprisen går til Ole Gunnar Kjærstad. Den talentfulle ungguten er endeleg tilbake etter at ryggplager har øydelagt det meste av vårsesongen. Kampfakta under:

 

 

Som mot KFK sist, mangla normalt sikre kort som kaptein Karl Arne Stokkeland, midtstoppar Thomas André Brastad og Nirut Mjøs.

Neste kampar er laurdag 16. august heime mot Surnadal og tirsdag 19. august heime mot Midsund.

Kampfakta:

Frei - Vestnes Varfjell 1-5 (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, torsdag 3. juli 2014 kl 19

Omsundet kunstgrasbane - 25 tilskuarar

Mål:

1-0 (14) Lars Kvalvik

1-1 (25) Svein Erik Lange Male, straffespark

1-2 (59) Elling Olafsen

1-3 (61) Olafsen

1-4 (66) Azim Ahmadi

1-5 (90) Jørgen Hovde

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: To til Frei

Laget: Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Adrian Liabø - Ole Gunnar Kjærstad (Alexander Connor 89.), Sivert Nerheim, Elling Olafsen - Azim Ahmadi, Amund Stavem (Jørgen Hovde 83., Magnus Nerheim