Vestnes Varfjell var svært nære ein overraskande borteseier mot den suverene serieleiaren KFK fredag kveld. Vertane, som har berre eitt poengtap så langt i sesongen, tok leiinga oppskriftsmessig. Vestnes Varfjell slo likevel tilbake gong på gong og det sto 4-3 till pause etter to mål av Elling Olafsen (eitt på straffe) og eitt av Amund Stavem. Vestnes Varfjell gjekk opp i 5-4 i andre omgang etter to skåringar av Azim Ahmadi, eit resultat som heldt seg heilt til mot slutten. Då skåra heimelaget to gongar slik at det vart eit bittert 5-6-tap. Vestnes Varfjell hadde store sjansar på overtid, men måtte reise heim utan poeng. Meir seinare. Vestnes Varfjell-målvakt Adrian Gabrielsen sto ein stor kamp og vart kåra til banens beste. Trenar Alexander Connor om kampen: " KFK var klart bedre enn oss i første omgang. Men en veldig god Adrian i målet var og holdt oss inn i kampen. I andre omgang var vi faktisk best. Er egentlig uheldig at vi ikke klarer å stå løpet ut. KFK hadde både flere og større sjanser og fortjente kanskje seieren. Men bare veldig bittert at vi ikke fikk noe igjen etter en solid innsats. Det synes jeg at vi fortjente etter andreomgangen" KFK om kampen
Varfjell var utan sentrale spelarar som Thomas Andre Brastad, Karl Arne Stokkeland (ferie) og Nirut Mjøs (jobb) og stilte dette laget:
Adrian Gabrielsen - Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Adrian Liabø - Sivert Nerheim, Ole Gunnar Kjærstad, Elling Olafsen, Magnus Nerheim, Amund Stavem og Azim Ahmadi
Bytter: Alexander Connor - azim (85min)
Gult kort:
Elling og azim.