To tøffe bortekampar ventar for Vestnes Varfjell i årets 4. divisjon. Etter ein god start har laget hamna i botnstriden, og det er dei to laga som ligg bak på tabellen som er motstandarar i dei neste kampane.
Fredag tek laget turen over fjorden til Molde der Hjelset-Kleive er mostandar på Opdølbanen. Det blir første A-kamp her sidan 1994 då motstandaren heitte Hjelset-Fram. Vestnes Varfjell vann 3-1 i vårkampen som vart "snudd" fordi bana ikkje var speleklar på Hjelset.
Måndag går turen til Malmefjorden i Hustadvika og kampen som vart utsatt frå vårsesongen. Før kampane har Vestnes Varfjell 8 poeng, Hjelset-Kleive 6 og Malmefjorden 4. Begge kampane blir spelt på naturgras. Faktisk er 6 av 7 bortekampar i haust på naturgras for Vestnes Varfjell, der ein (mot Surnadal sist) alt er spelt.