Bygdebladet har snakka med Ole Håkon Heen Lien etter dramatikken der han vart sendt til St. Olavs Hospital etter ein alvorleg skadesituasjon mot slutten av kampen mot Surnadal laurdag. - Eg vakna på sjukehuset, og fekk forklart av legar og sjukepleiarar kvifor eg var der. Eg hugsar ingen ting av kampen, seier Lien til avisa.

Lien sesongdebuterte då han kom innpå. I ein løpsduell gjekk det galt og han fall, skada hovudet og vart liggande urørleg. Førstehjelp frå mellom andre trenar Alexander Connor og kaptein Svein Erik Lange Male, gjorde at han vakna og kunne gå sjølv i ambulansen. På sjukehuset vart han liggande natta over.  

- Det vart ikkje funne noko anna enn det som ser ut til å vere ei kraftig hjernerysting. Eg kjenner det i hovudet, og er litt stiv i nakke og skulder. Og så kjenner eg det i kjeven, sikkert etter at dei som utførte førstehjelp har sørga for fri luftveg. Elles er eg framleis lyssky og følsam for støy. Og så vil det vel falle ein del bitar på plass etter kvart som hukommelsen kjem gradvis tilbake, seier Lien til Bygdebladet