Fotballkretsen har no klart oppsettet for årets vintercup. Her inngår Partnercup, som Vestnes Varfjell skal delta i, som pulje nummer 4. To lag går vidare til kvartfinale frå dei fire gruppene. Det er også klart at det ikkje blir handikapstraffespark i turneringa på Øran. Slik skal Partnercupen/vintercupen avviklast:
Puljeinndelinga med divisjonsplassering i parentes:
Pulje 1 Pulje 2 Pulje 3 Pulje 4
Bryn (3.) Malmefjorden(5.) Ekko/Aureosen (5.) Åndalsnes (4.)
Molde 3 (4.) Rival 2 (4.) Hjelset-Kleive (5.) Isfjorden (5.)
Rival (3.) Tomrefjord (5.) Skåla (5.) Måndalen (3.)
Eidsvåg (3.) Eide/Omegn (5.) Bjørset (5.) Vestnes Varfj. (4.)
Træff 2 (4.)
Kampane på kgb i Molde startar i helga, medan Partnercup er helga 8.-9. februar. Kvartfinalane i vintercupen blir spelt laurdag 23. februar, der ein av kampane blir lagt til Åndalsnes. Semifinalane skal spelast laurdag 1. mars og finalen søndag 2. mars.
Les meir og så kampoppsett på kretsen sine sider >>