Alec Connor, Svein Kåre Stjern og Geir Åge Sylte før kampen mot Dahle. (Foto: Asbjørn Vik)
Sylte (th) før siste kamp.
Einar Helge Brennvik tok sin tredje strake rundeseier, men Geir Åge Sylte heldt unna i samandraget. Dermed vart det tippeseier til sportsleg leiar føre oppmannen i resultattippinga for 4. divisjon. varfjell.no gratulerer! Dag Nakken, Vegard Hungnes og Lars Jørgen Skjegstad følgde på dei neste plassane.

 

Brennvik tok 12 poeng på dei fire kampane som vart spelt i siste serierunde. 10 av poenga kan han takke Jan Tore Eik for. Det var han som skåra det siste målet og sytte for at Vestnes Varfjell slo Dahle 2 5-0. Dermed 5 poeng for rett resultat, ein poengsum Brennvik likegodt doble ved å krysse av kampen som jokerkamp.

 

Geir Åge Sylte nøyde seg med fem poeng i siste runde, men det heldt altså til samanlagtseier med 139 poeng totalt. Brennvik fekk 137, det same som Dag Nakken, men Brennvik går føre på fleire topptips - det vil seie heilt korekt resultat. Vegard Hungnes, som var i leiing gjennom store delar av sesonge, endte på 136 poeng, like mange som Lars Jørgen Skjegstad.

 

Varfjell.no takkar alle som deltok og kjem attende med ny konkurranse neste år, då forhåpentlegvis med tipping for 3. divisjon.

 

Resultattippinga samanlagt

 

Stillinga i siste runde