3. divisjon vart avslutta søndag der ein kamp var spesielt interessant sett med Vestnes Varfjell-auge. Molde 2 slo Måndalen 5-0 og sikra seg dermed førsteplassen føre Træff. Det betyr igjen at Træff 2 ikkje kan rykke opp frå 4. divisjon. Berre eit nedrykk frå eliteserien for MFK kan dermed hindre Vestnes Varfjell opprykk til 3. divisjon. MFK treng eit poeng for å unngå kvalifiseringsplassen i Tippeligaen. Måndalen bergar seg i 3. divisjon dersom Molde (eller Træff) slår vinnaren på Sunnmøre (AaFK 2 eller Brattvåg) i kvalifiseringa til 2. divisjon.


Før siste serierunde i 3. divisjon var spenning knytt til kven som hamna på førsteplass og sisteplass. Bryn slo AK 2-1 i sin kamp og dermed måtte Måndalen unngå tap med 8 mål for Molde 2. Måndalingane kjempa godt på Aker stadion og eit toppa MFK 2-lag nøyde seg med fem skåringar. På Måndalen spelte tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Vegard Skare venstreback heile kampen, medan Audun Leikarnes og Sindre Balstad kom innpå i andre omgang.

Sluttabellen i 3. divisjon