"
Geir Åge Sylte (f. 1967)
Fekk fotballen og Varfjell-kulturen inn omtrent frå fødselen som son av den gamle Varfjell-kjempa Åge Sylte.
Markerte seg raskt som ein leiarskikkelse og naturleg krumtapp i midtforsvaret på aldersbestemte lag, der høgdepunktet var to avdelingsmeisterskap i småguteklassa 1981 og 1982.
Debuterte på A-laget borte mot Veblungsnes 23. september 1984 i det som var faren, Åge, sin aller siste kamp. Noterte 88 A-kampar og 5 mål i perioden 1984-1997. Spelte seinare for B-laget, der han også har vore innpå innverande sesong (2008).
Det er likevel som trenar og leiar klubben har hatt best nytt av Geir Åge Sylte. Trenarkarriera først:
A-lagstrenar første gong i 1993, saman med Ottar Orvik. Deretter hovudtrenar aleine i sesongane 1994-1998. I perioden med Sylte som trenar opplevde klubben tre opprykk og gjekk frå 6. divisjon til toppen av 3. divisjon. I 1998 trente han det som truleg er tidenes beste Vestnes Varfjell-lag nesten til opprykk til 2. divisjon.
Assisterande trenar for A-laget i 1999 og 2000. Tilbake som hovudtrenar i 2001 og 2002, assistentrenar i 2005. Seinare, og fleire år i kombinasjon med å vere assistenttrenar for A-laget, har han vore trenar for aldersbestemte lag og no dei siste åra for B-laget. Som trenar har han forbundets C-trenarkurs.
Kom inn i styret i Vestnes Varfjell IL første gong i 2003 og har vore der sidan. Her har han hatt eit uttal oppgåver. Han har vore nestleiar, hatt økonimiansvar, vore sportsleg leiar for fotballen, hatt ansvar for baneforeldinga i Vestnes idrettspark og ei rekke andre oppgåver. For A-lagsfotballen har han vore sponsoransvarleg, arrangementsansvarleg for heimekampane, programredaktør med meir. I same periode har han også hatt trenaroppgåver eller vore lagleiar. Av meir uformelle oppgåver har han
Han sitter i styret,har økonomiansvaret i Varfjell,han har vore oppmann for a laget og trenar for andre laget,mange verv og trener i mange år. Hør leder Stokkeland fortelle
Kåra til "Årets eldsjel" i Vestnes Varfjell i 2007."