Sjå videoar frå årsfesten >>
Sjå bildegalleri frå årsfesten >> (oppdatert med fleire bilde)
Bjørn-Vegard Løvik (ikkje til stades) har runda 200 kampar i år, Tore Akselsen rakk akkurat 100 kampar i siste serierunde. Begge fekk synlege bevis på dette. Nirut Mjøs, Jakob Talberg, Ørjan Tangen og Elling Olafsen fekk blomster for å ha nådd 50 seriekampar. Tore Akselsen skåra også årets mål på A-laget, i heimekampen mot Sunndal 2.
{seyretpic id=766 align=right}Ronny Leikarnes jaktar klubbrekorden i talet på kampar. No har han berre Gunnar Nerbø og Bjarne Nerheim føre seg på lista.
Tommy Kanishi Andreassen kopierte altså far Cato Andreassen då han tok den gjeve prisen "Årets spelar". Cato vart årets spelar både i 1997 og 1998. Laurdag var han ein av dei mange frå 1998-laget til Vestnes Varfjell som deltok på årsfesten.
I overkant av 70 personar kosa seg med julemat og god drikke under årsfesten på Vestnes Fjordhotell.