Vestnes Varfjell-spelar Karl Arne Stokkeland (bildet) skåra det eine målet då Molde slo Sogndal 4-2 i finalen i ei juniorturnering i Sogndal i helga. Den tidlegare Vestnes Varfjell-spelaren kom inn som innbyttar og avgjorde i realiteten finalen med si 3-2-skåring kort tid før slutt. Dei beste Molde-juniorane skal i år spele i 3. divisjon etter at MFK 3 rykka opp i haust. Karl Arne Stokkeland spelte som kjent for moderklubben i vårsesongen i fjor, på utlån frå MFK.
Stokkeland-skåring i juniorfinale
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter