På fotballtinget i mars skal det avgjerast om det blir ei halvvering av talet på avdelingar i 3. divisjon i Sør-Norge. På Sunnmøre er det delte meinigar om forslaget til nyordning kom det fram under eit klubbmøte nyleg. Omorganiseringa vil bety at det i framtida blir kampar også mot lag frå Trøndelag. Les meir i Sunnmørsposten og på sidene til Sunnmøre Fotballkrets. Her er nokre moment i den foreslåtte endringa:
3. divisjon i Sør-Norge får 10 avdelingar med 14 lag, mot 20 avdelingar med 12-14 lag i dag.
I overgangssesongen 2010 vil dei 6 beste laga i kvar avdeling og dei 10 beste laga på 7. plass bli med i den nye 3.-divisjonen. I tillegg kjem alle avdelingsvinnarane i 4. divisjon.
I forslaget er det lagt opp til flytande grenser mellom kretsane. Det vil seie at det første året blir tilnærma ei rein avdeling for Trøndelag og ei for Møre og Romsdal. Dette kan endre seg etter kvart, basert på kvar laga som rykker ned kjem ifrå. Eit anna moment er at det også er forslått at det i framtida skal rykke opp 4 lag frå 4. divisjon i Trøndelag og berre to frå Møre og Romsdal. Dette kan føre til at tyngdepunktet i avdeling "Møre" blir forflytta stadig lengre nordover.
Eit kompromiss hadde kanskje vore å ha fylkesvise avdelingar. Då vil det også bli lettare å kunne gå tilbake til kretsavdelingar om forsøket ikkje blir vellukka. Samtidig vil dei på Austlandet kunne halde fram med spissa 3. divisjon og direkte opprykk då det er frå denne delen av langet kravet om færre avdelingar har komme. Minuset med fylkesavdeling blir at det ikkje blir muleg å vite på førehand kor mange lag som rykker ned, slik det er i 3. divisjon idag. Dette er likevel ikkje noko stort problem. I teorien kan dette vere rå 1 til 5 lag, men i praksis har det vore to lag og i nokre unntaksår 3 lag.
Uansett må kretsane i Møre og Romsdal kjempe for at det blir 3 lag opp frå ny 4. divisjon både frå Møre og Romsdal og Trøndelag. Seriekomiteen har sett opp eit forslag med 1 lag frå Sunnmøre 1 frå Nordmøre/Romsdal og to frå kvar av avdelingane i Trøndelag, men skriv at dette må avgjerast gjennom drøftingar mellom kretsane.
Les heile forslaget til seriekomiteen her